Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Ørsta kommune søker tilkallingsvikar i barnehage for barnehageåret 2026/2027. Dette er ein liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar i kommunale barnehagar, ikkje ei konkret stilling.
Arbeidsoppgåvene inneber oppmøte ved kort varsel og arbeid i alle barnegrupper. Tilsetting vert gjort som kortare eller lengre periodar, med storleik bestemt av behov og styrar sin delegasjon.
Ørsta kommune har til ei kvar tid gjennom for fagarbeidar/assistent og barnehagelærar som kan tenkje seg å vere tilkallingsvikar i barnehage.
Denne utlysinga gjeld for barnehageåret 2026/2027.
Denne utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men ei liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar i kommunale barnehagar.
Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å arbeide med alle barnegrupper i alderen 0-6 år.
Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Stillingsstorleik vil variere etter behov. Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til den einskilde styrar.
Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar.
Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.
Stabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med utdanning og praksis. Referansar vert nytta.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at søkjar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der.
Arbeidsavtale i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namn skal vere unnatket offentlig søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret i høve omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meinar at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Pål Einar Brekke,Kommunalsjef OKI
Dalevegen 6
6153Ørsta
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 5163365967
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 04.07.2027