A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Ørsta kommune søker tilkallingsvikarar for Ørstaskulen. Denne utlysinga er ei liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar i skuleåret 2026/2027.
Du må vere i stand til å stille opp på kort varsel og vere budd på å arbeide med elevar på alle trinn i grunnskulen og på SFO. Tilsettinga skjer som kortare eller lengre vikaravtalar, og vilkår følgjer gjeldande lovverk og tariffavtalar.
Ørsta kommune har til ei kvar tid trong for assistentar, fagarbeidarar og miljørettleiarar som kan tenkje seg å vere tilkallingsvikar i Ørstaskulen. Denne utlysinga gjeld for skuleåret 2026/2027.
Denne utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men ei liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar i Ørstaskulen.
Søknadsfrist:
Tilkallingsvikar assistent/fagarbeidar/miljørettleiar - Ørstaskulen skuleåret 26/27
Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å arbeide med elevar på alle trinn i grunnskulen og på SFO.
Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Stillingsstorleik vil variere etter behov.
Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til den einskilde rektor.
Stabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med utdanning og praksis. Referansar vert nytta.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at søkjarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der.
Arbeidsavtale i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar unnatakast offentleg
søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namn skal vere
unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert
konkret i høve omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil
oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom
kommunen meinar at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar verte kontakta og få tilbod om
å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane iMøre og Romsdal. Kommunenhar ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.