Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Linda Christin Arneberg i Ulstein søkjer tilkallingsvikar som skal jobbe med barn i alderen 0-6 år. Du må kunne stille opp på kort varsel og være fleksibel i din arbeidsperiode.
Det er ingen konkrete utdanningskrav, men gyldig politiattest og gode norskkunnskaper er nødvendig. Stillingen tilbyr arbeid i en kreativ og ansvarlig atmosfære med vekt på barnets trivsel og utvikling.
Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å arbeide med alle barnegrupper i alderen 0-6 år. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode.
Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar. Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.
Vi søkjer deg som:
Informasjon om avtale som tilkallingshjelp: Avtale som tilkallingshjelp betyr at Ulstein kommune tek kontakt med arbeidstakar ved behov for midlertidig tilsetting, jf. AML § 14‑9. Det er kommunen sitt behov som er utgangspunktet for førespurnaden til arbeidstakaren. Avtalen inneber i seg sjølv inga plikt for arbeidstakaren til å utføre arbeid i kommunen. Arbeidsgjevar har rett til å inngå tilsvarande avtale om tilkallingshjelp med andre, og kommunen står fritt i val av arbeidstakar i det einskilde høve. Tilkallingsavtalen er saman med arbeidsplan/vaktliste ein godkjent arbeidsavtale, og Ulstein kommune har arbeidsgjevaransvar frå du kjem på jobb og til arbeidsdagen er ferdig. Du er i denne perioden omfatta av kommunens sine pensjons- og forsikringsordningar.
Krav til dokumentasjon: For dei fleste stillingar i barnehagen er det krav om politiattest jf. barnehagelova. Tilfredsstillande politiattest skal vere levert før start i stilling. Arbeidsgivar må skriftleg stadfeste behov for politiattest, før ein kan søke om dette. Det kan vere behandlingstid hos politiet.
Dei som vert tilsett kan bli pålagt å ta tuberkuloseprøve.
Det er krav om vitnemål og dokumentasjon av arbeidserfaring (attest) ved fastsetting av lønn. Lønnsansiennitet blir satt til 0 år til dokumentasjon er levert og vurdert.