Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Vestland fylkeskommune har ledig ei fast stilling som tannlege i 100% stilling ved Lindås tannklinikk frå 1. februar 2027. Tenestestad er Lindås tannklinikk med 5 behandlingsrom og eit aktivt fagmiljø. Start 01.02.2027 eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver inkluderer klinisk arbeid for alle pasientgrupper, oppdatert fagleg praksis og HMS-involvering. Krav: norsk autorisasjon som tannlege, godt norsk arbeidsspråk og politiattest.
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Nordhordland klinikkområde har ledig ei fast stilling som tannlege i 100% stilling frå 1. februar 2027.
Tenestestad for tida på Lindås tannklinikk. Oppstart 01.02.2027 eller etter avtale.
Lindås tannklinikk ligg i Lindås Nærsenter. Har 5 behandlingsrom, 7 tilsette i heil og deltid. 3 tannlegar, 3 tannhelsesekretærar og 1 tannpleier. God bussforbindelse frå Knarvik/ Bergen.
Ved internt opprykk kan det bli ledig eit vikariat i 100% fram til 30.06.27 på samme klinikk.
Harald Isdal Kvamme,klinikkleiar (tannlege),91750454,harald.isdal.kvamme@vlfk.no
Agnete Norheim Kaldestad,områdeleiar tannhelse,41644936,agnete.norheim.kaldestad@vlfk.no
Kolåsvegen 5
5955Lindås
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5204979171
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.11.2026