Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Åsane tannklinikk i Vestland fylkeskommune søkjer ein tannlege til 100 % fast stilling med oppstart 01.01.2027. Klinikken har 16 tilsette og tilbyr eit fagleg sterkt arbeidsmiljø ved Åsane vidaregåande skule.
Stillinga inngår i offentleg tannhelseteneste og inkluderar fagleg utvikling, etterutdanning, og gode pensjons- og forsikringsordningar. Søknadsfrist er 22.11.2026 og løn under avtale, med nyutdanna startkr. 660.000,- pr år.
Åsane tannklinikk aukar opp bemanninga og søkjer etter tannlege til 100 % fast stilling. Stillinga er ledig frå 01.01.2027.
Åsane tannklinikk har per i dag til saman 16 tilsette: 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 7 tannhelsesekretærar. Klinikken er lokalisert på Åsane vidaregåande skule, som ligg sentralt i bydelen (mellom Åsane senter og Horisont). Vi har moderne utstyr og eit godt og fagleg sterkt arbeidsmiljø.
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Martine Aksnes-Aarlie,klinikkleiar ,90036717,martine.aksnes-aarlie@vlfk.no
Åsane Senter 52
5116Ulset
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5202676996
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026