An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus søker studiesjukepleiarar til eHjerteRehab-prosjektet. Stillingen er 50–100% mellombels og involverer studier og forsking i eit tverrfagleg team
Du arbeider tett med prosjektkoordinator og forskingsgruppa PROCARD, og bidra til datainnsamling, informasjonsformidling og rådgjeving til pasientar. Startdato innan 15.01.27 vert føretrekt. Utdanning frå utlandet krev godkjenning. Søkjarar vert oppmoda til å bruke Vitnemålsportalen.
Hjarteklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er ei spesialavdeling der all utgreing og behandling av hjartesjukdommar er samla. Avdelinga driv med høgspesialisert utgreiing og behandling innen følgjande område; ikkje-invasiv diagnostikk og behandling, thorax-kirurgi, intensiv- og overvaking, pacing, tachyarytmi, preventiv kardiologi, og kongenitt kardiologi. Utviklinga innan behandlingsmetodar er i kontinuerleg utvikling og forskingsaktiviteten er høg.
Hjarteavdelinga har to store sengepostar (hjartemedisinsk og thoraxkirurgisk), ei intensiv- og overvakingseining, samt eining for hjarteintervensjon.Forsking er ei av våre fire hovudoppgåver. Hjarteavdelinga og forskingsgruppa PROCARD har til ei kvar tid fleire pågåande prosjekt/studiar. Vi har behov for studiesjukepleiar som deltar i gjennomføring av studiar og andre aktivitetar til forskingsgruppa. eHjerteRehab-prosjektet ekspanderer, og det er behov for studiesjukepleiar som også kan sjå for seg å bidra vitskapleg, gjerne gjennom ei framtidig stipendiatstilling.
Hjarteavdelinga lyser ut 50-100% midlertidig stilling som studiesjukepleiar i eHjerteRehab prosjektet. Det er ønskeleg med tiltreding innan 15.01.27. Studiesjukepleiar arbeider tett med prosjektkoordinator og resten av teamet
Du kan lese meir om PROCARD og eHjerteRehab på: PROCARD og ehjerterehab
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.