
Enable job alerts via email!
Generate a tailored resume in minutes
Land an interview and earn more. Learn more
Et ledende universitet i Norge søker en studiekonsulent (seniorkonsulent) for sivilingeniørprogrammet Informasjonsteknologi og økonomi. Stillingen innebærer praktisk tilrettelegging av utdanning, administrativt ansvar for praksisplasser og gjennomføring av programaktivitetar. Årslønn mellom kr 590 000 – 610 000 avhengig av kvalifikasjoner. Søknadsfrist 19.11.2025.
Engangskode er sendt tilskriv inn koden for å fullføre innlogging
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til eit vikariat som studiekonsulent (seniorkonsulent) for sivilingeniørprogrammet Informasjonsteknologi og økonomi (ITØK) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. ITØK-studiet kombinerer IKT-fag med økonomi, og gir kandidatane kompetanse til å løysa komplekse problemstillingar i kryssingspunkt mellom IT og økonomi. Vikariatet er frå 01.01.2026 til 01.07.2026, perioden kan verte forlenga.
Studiekonsulentane er viktige støttespelarar for program- og instituttleiinga i arbeidet med å sikra at sivilingeniørprogrammet held høg kvalitet.
Dei som vert tilsett vil måtte rette seg etter dei retningslinjer som for ein kvar tid gjeld for stillinga.
Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».
Søknaden skal merkast 2025/13601
Søknadsfrist: 19.11.2025
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen Logg inn for å se kontaktinformasjon .