Strategisk rådgjevar SVS

Arbeidsplassen

Bergen

On-site

NOK 675,000 - 825,000

Full time

8 days ago
Application generator

Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Statens pensjonskasse
Fleksibel arbeidstid
Sommartid
Trening i arbeidstida

Job summary

Vest politidistrikt søker ein strategisk rådgjevar (SKO 1434) ved Seksjon for verksemdstyring, økonomi og juridisk funksjon. Stillinga er i Bergen frå 1.

januar 2027, varig i 1 år, med hovudansvar for verksemdstyring og måloppnåing i distriktet. Stillinga er svartid plassert i Bergen sentrum, og kandidatene må legge vekt på etisk integritet, profesjonell opptreden og evne til å arbeide tett med ulike fagmiljø.

Qualifications

  • Dette må du ha for å vere kvalifisert: God brukarkompetanse innan IKT og system.
  • Det er også ønskjeleg med erfaring frå verksemdstyring og/eller målstyring.
  • Erfaring frå bruk av styringsverktøy knytt til måloppnåing er ein fordel.
  • Erfaring frå endringsprosesser i store verksemder.
  • Erfaring frå prosjektleiting.

Responsibilities

  • Føre opp rapporteringskrav og bidra til styringsdialog mellom Politidirektoratet og eigne einingar.
  • Førebuing, gjennomføring og oppfølging av leiar-/leiarmøter for politimeisteren.
  • Utføre oppgåver innan verksemdsstyring og bidra til vidareutviklinga av fagområdet.

Skills

IKT kompetanse
Verksemdstyringserfaring
Målstyringserfaring
Endringsprosesser i store verksemder
Prosjektleiing

Job description

I Vest politidistrikt ved Stab for for verksemdsstyring (SVS), er det ledig vikariat som strategisk rådgjevar SKO 1434 ved Seksjon for verksemdstyring, økonomi og juridisk funksjon. Vikariatet er ledig frå 1. januar 2027 og for ein periode på 1 år.

Seksjon for verksemdstyring, økonomi og juridisk funksjon har ansvar for den samla økonomi- og verksemdsstyringa i Vest politidistrikt. Stillinga som strategisk rådgjevar vil hovudsakleg ha arbeidsoppgåver innan verksemdstyring, som å førebu og delta i arbeid med styringsdialog både med Politidirektoratet og eigne einingar, bistå avdelingsdirektør og seksjonsleiar økonomi og verksemdstyring innan fagområdet verksemdstyring, og til å videreutvikle mål- og resultatstyringa i Vest politidistrikt.

Seksjonen har medarbeidarar i Bergen og Florø. Stillinga som strategisk rådgjevar er stadsplassert i Bergen, for tida med kontorstad i Bergen sentrum.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken.Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Du trivst i eit miljø der både strategisk forståing og heilskapsblikk er nødvendig for å lukkast. Du er analytisk, strukturert og trygg i vurderingane dine, samstundes som du har gode samarbeidsevner og kommuniserer tydeleg med ulike fagmiljø. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.

  • Følgje opp rapporteringskrav
  • Bistå i førebuing, gjennomføringa og oppfylging av politimeisteren sine leiarmøter
  • Utføre oppgåver innan verksemdsstyring og bidra til vidareutviklinga av fagområdet
Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • God brukarkompetanse innan IKT og system

Det er også ønskjeleg med:

  • Erfaring frå verksemdstyring og/eller målstyring blir vektlagt
  • Erfaring frå bruk av styringsverktøy knytt til måloppnåing er ein fordel
  • Erfaring frå endringsprosesser i store verksemder
  • Erfaring frå prosjektledelse

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved å søkje på ei stilling i politiet samtykkjer ein til at det vert gjort ei skikkaheitsvurdering, inkludert søk i register, i forkant av eit eventuelt intervju.

Personlege eigenskapar
  • er analytisk og strategisk, og forstår samanhengar mellom aktivitet, organisering og resultat
  • har gode sosiale evner som fremjar trivsel og eit godt arbeidsmiljø

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her .

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
  • Stillinga blir lønna som rådgjevar (stillingskode 1434) frå 750 000,- brutto pr.år . Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordninger (www.spk.no)
  • Gode arbeidsvilkår (t.d. fleksibel arbeidstid, sommartid, trening i arbeidstida o.l.)

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Get your free, confidential resume review.
or drag and drop your file here.
Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Strategisk rådgjevar SVS
Strategisk rådgjevar SVS

Spørsmål om søknad / CV • Bergen

On-site
NOK 675,000 - 825,000
Avdelingsdirektør - stab for virksomhetsstyring
Avdelingsdirektør - stab for virksomhetsstyring

Kristin Nord-Varhaug • Stavanger

On-site
NOK 1,134,000 - 1,386,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Ledende stilling uten overtid
Rådgiver
Rådgiver

Ragnhild Steinbru Støbakk • Time

On-site
NOK 576,000 - 704,000
Fleksibel arbeidstid
Trening i arbeidstiden
Førstekonsulent
Førstekonsulent

Hilde Juul Jørgensen • Ålesund

On-site
NOK 510,000 - 620,000
Statens pensjonskasse
fleksibel arbeidstid
moglegheit for trening i arbeidstida
+1
Avdelingsdirektør - stab for HR og HMS
Avdelingsdirektør - stab for HR og HMS

Gøril Våland • Stavanger

On-site
NOK 1,134,000 - 1,386,000
Pensjonsordning
Gode arbeidsforhold
Utredningsledere i strategi- og analyseseksjonen
Utredningsledere i strategi- og analyseseksjonen

Gunnhild Gussiås • Oslo

On-site
NOK 800,000 - 1,150,000
Fleksibel arbeidstid
Hjemmekontor mulig
Sommertid
+1
Led et engasjert team og bidra til at politidistriktet er rustet til å håndtere daglige oppdrag og alvorlige hendelser.
Led et engasjert team og bidra til at politidistriktet er rustet til å håndtere daglige oppdrag og alvorlige hendelser.

Agder politidistrikt • Kristiansand

On-site
NOK 900,000 - 980,000
Fleksibel arbeidstid
Mulighet for noe hjemmekontor
Treningsfasiliteter
Politibetjent 3/2/1
Politibetjent 3/2/1

Gunnar Gullikstad Hagen • Tingvoll

On-site
NOK 590,000 - 640,000
Rådgiver
Rådgiver

Sør-Vest politidistrikt • Bryne

On-site
NOK 576,000 - 704,000
Utredningsledere i strategi- og analyseseksjonen
Utredningsledere i strategi- og analyseseksjonen

Politidirektoratet • Oslo

Hybrid
NOK 800,000 - 1,150,000
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
Fleksibel arbeidstid
Hjemmekontor
+1