A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Voss barnehage i Voss kommunale område søker ein støttepedagog som kan arbeide tett med barn med behov for særskilt støtte. Stillinga er eit 100% vikariat med oppstart 01.12.2026 og varigheit til 31.07.2027, med moglegheit for forlengning.
Du blir ein del av eit kompetent fagmiljø med fokus på utvikling, språkutvikling og tilrettelegging for barn med ulike behov. Arbeidsmiljøet er prega av engasjerte kollegaer og eit mål om inkludering.
Er du oppteken av barns beste og ønskjer å vere ein viktig del av laget rundt barnet? I denne stillinga får du høve til å arbeide tett på barn som treng ekstra støtte i kvardagen med diagnosen autisme. Du vert ein del av eit kompetent fagmiljø med brei erfaring innen inkluderande praksis, spesialpedagogikk og tilrettelegging for barn med ulike behov. Som støttepedagog vil du ha ansvar for oppfølging av enkeltbarn i det daglige på avdeling, i smågrupper og ein-til‑ein. Du vil arbeida målretta med støtte og rettleiing frå Spesialhelsetjenesta på Haukeland Universitetssjukehus.
Stillinga er eit vikariat i 100% og tiltenkt oppstart 01.12.2026 med varigheit til 31.07.2027, med moglegheit for forlengning. Oppstart i stillinga kan skje ved eit seinare tidspunkt ut i frå praktiske omstendigheitar for kandidaten.
Hjå oss møter du dyktige kollegaer, vakker natur rett utenfor døra og eit fagmiljø som er oppteke av utvikling. Barnehagen sin visjon er "Vennskap og meistring". Vi har fokus på tilbakemeldingskultur i kvardagen, lesing og språkutvikling er eit felles satsningsområde til vossabarnehagane. Barnehagen er i oppstarten av "Kollektiv kompetanseheving" i samarbeid med høgskulen på Vestlandet med fokus på barnehagen som ein lærande organisasjon.
Voss barnehage har 104 barn og vi er 37 tilsette. Personalgruppa har eit stort mangfold i både alder og personlegheit. Arbeidsmiljøet er prega av mykje humor og nærvær.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Dette er stillinga for deg som ynskjer å gjera ein reell forskjell. Som støttepedagog i Voss barnehage får du følgje barnet tett i kvardagen og samarbeide med dyktige kollegaer i eit sterkt fagmiljø. Kvar dag er du med på å skape meistring, tilhøyrsle og utvikling for barn som treng det aller mest. Hos oss er laget rundt barnet den viktigaste ressursen vi har.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som innehold namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven