An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Universitetet i Bergen søkjer stipendiat i medievitskap ved Institutt for informasjons- og medievitskap i Bergen. Stillinga varer i fire år, der 25 % av tida er karrierefremjande arbeid knytt til forsking, undervisning og formidling.
Du skal delta i eit godkjent ph.d.-utdanningsprogram ved Universitetet i Bergen, og tilsetjinga krev mastergrad i medievitskap eller nærliggande fagområde, med godkjende kvalifikasjonar innan fristen.
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat i medievitskap ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år. 25 % av samla tilsetjingstid er karrierefremjande og skal utførast ved instituttet. Dette inkluderer i stor grad undervisningsoppgåver.
Dette er ei opa utlysing, men vi ber søkar om å utvikle eit prosjekt som rettar seg mot den faglege innretninga til ei eller fleire av dei seks forskingsgruppene i medievitskap:
For meir informasjon om forskingsgruppene og instituttet, sjå instituttet si heimeside:https://www.uib.no/infomedia . Ta gjerne kontakt med leiar for aktuell(e) forskingsgruppe(r).
Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk.
Om stipendiatstillinga:
Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er karrierefremjande arbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om ph.d. -utdanninga:
Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innenfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.
Ei kortfatta prosjektskildring på 5-8 sider (inkludert kjeldeliste) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga. Fakultetet har utarbeida eirettleiing for skriving av prosjektskildringa .
Næarre opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar: Bjørnar Tessembjornar.tessem@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessenher .