Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Aukra kommune søkjer medarbeidar til skulen som er god på å skape gode relasjonar og samhandling rundt eleven. Du vil bidra til heilskapleg opplæring i samarbeid med lærar, og støtte minoritetsspråklige elevar slik at dei opplever inkludering og tilhørighet.
Arbeidsplassen er i ein utviklingsorientert kommune som legg vekt på kvalitet og fagleg utfordring. Aktuell søkjar vil bli vurdert etter personlege eigenskapar og behovet til skulen.
Gode pensjons- og forsikringsordningar. Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff. Flyttegodtgjersle
Vi har ein flott og moderne skole med gode fasilitetar både ute og inne.
Skolen er utviklingsorientert og har delteke i mange nasjonale satsingar.
Vi arbeider no i eit prosjekt saman med Skrivesenteret og NTNU, og har saman med kommmunepsykolog fokus på tilknytingspsykologi.
Arbeidsmiljøet er godt med dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der vi ønsker å legge til rette for eit fagleg utfordrande og kvalitetsmessig godt tilbod til våre tilsette og brukarar.
Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personlege eigenskapar og behovet til skolen. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer elles i samsvar med gjeldande regelverk. Som tilsett i Aukra kommune må du kunna identifisere deg med våre verdiar; attraktiv, uredd, kvalitet, raus, arbeidsglede.
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr . Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Kontaktperson for stillinga: Heidi Falkhytten tlf. 995 32 262