A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Møre og Romsdal fylkeskommune søker ein vikar til laget som jobbar med opplæring i bedrift. Du får ei viktig administrativ rolle og bidreg til at ungdom og vaksne får dokumentasjonen dei har krav på etter fullført fagopplæring.
Du blir ein del av eit fagmiljø med meiningsfulle oppgåver og eit viktig samfunnsoppdrag. Arbeidsoppgåver involverer administrativ behandling og utferding av dokumentasjon, saksbehandling etter fagprøve, samt produksjon av vitnemål og kompetansebevis.
Vil du ha ei viktig rolle i arbeidet med å dokumentere kompetansen til framtidas fagarbeidarar?
Vi søker ein vikar til laget vårt på opplæring i bedrift. Hos oss får du ei viktig administrativ rolle der du er med på å sikre at ungdom og vaksne får dokumentasjonen dei har krav på etter fullført fagopplæring. Du blir ein del av eit fagmiljø med meiningsfulle oppgåver og eit viktig samfunnsoppdrag.
I hovedsak vil dine oppgåver vere knytt til administrativ behandling og utferding av dokumentasjon etter gjennomført fagopplæring.
Du vil blant anna jobbe med:
Andre oppgåver kan bli tillagt avhenging av kvalifikasjonar og behov
Vi ser etter deg som har:
Det er ein fordel om du også har:
For å trivast og lykkast i stillinga trur vi at du:
Opplæring i bedrift har det overordna administrative ansvaret for alle lærlinger, lærebedrifter og prøvenemnder, og alt som høyrer inn under desse områda.
Du får arbeide saman med våre engasjerte kollegaer i eit sterkt fagmiljø med rom for nytenking. Du kan i stor grad planlegge eigen arbeidskvardag, og vi gir deg moglegheit for kompetanseutvikling.
Som ein del av oss får du offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår gjennom medlemskap i KLP, og løn etter avtale.
Eit vikariat fram til 31. januar 2028, med moglegheit for forlenging.
Kontorstad i Molde
Målfrid Nesje,Seksjonsleiar opplæring i bedrift ,90640200,malfrid.nesje@mrfylke.no
Hilde Aspås,Næringssjef,97715135,hilde.aspaas@mrfylke.no
Julsundvegen 9
6412Molde
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5182353289
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 15.11.2026