Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Møre og Romsdal fylkeskommune søkjer ein engasjert konsulent som vil arbeide med å utvikle fagopplæring og samarbete mellom skular og arbeidsliv i Møre og Romsdal. Du vil rette lærlingar, bedrifter og prøvenemnder og delta i kurs og samlingar for å styrke kompetansen.
Stillinga krev mastergrad eller tilsvarande, med relevant erfaring. Kommunikasjonsevne på norsk og evne til å samarbeide er avgjerande. Arbeidsstad er Molde, og løn etter avtale under offentleg sektor.
Vil du bidra til å utvikle morgondagens fagarbeidarar? Vi ser etter deg som liker å bygge gode relasjonar, ser moglegheiter og skaper smarte løysingar i samarbeid med andre
Hos oss får du ei meiningsfull stilling med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Du blir ein del av eit engasjert fagmiljø og eit viktig samfunnsoppdrag, der du bidreg til at ungdom og vaksne fullfører fagopplæringa si og lykkast i arbeidslivet.
Gjennom arbeidet er du med på å sikre næringsliv og offentlege verksemder den kompetansen dei treng, både i dag og i framtida.
Fagopplæringssystemet er i endring der fullføringsreformen og store statlege satsingar på yrkesfag vil gi ei spennande utvikling framover. Vi treng deg som ser nye moglegheiter og utviklar arbeidsmåtar som styrker evna vår til å løyse samfunnsoppdraget vårt.
Du vil arbeide med å vidareutvikle nettverk og samarbeid med skole og arbeidsliv, slik at du kan hjelpe oss med å bidra til at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring. Ein viktig del av dette er å rettleie lærlingar, lærebedrifter og prøvenemnder, både i saksbehandling av enkeltsaker og i gjennomføring av kurs og samlingar.
Oppgåvene i stillinga kan bli endra.
Vi søkar deg som har
Vi vil også legge stor vekt på at du
Opplæring i bedrift har det overordna administrativt ansvaret for alle lærlinger, lærebedrifter og prøvenemnder, og alt som høyrer inn under desse områda. Vi kan tilby deg meiningsfullt arbeid, der du får bidra til at flere ungdommar og vaksne får fullført utdanning på ein god måte. Du får arbeide saman med våre engasjerte kollegaer i eit sterkt fagmiljø med rom for nytenking. Du kan i stor grad planlegge eigen arbeidskvardag, og vi gir deg moglegheit for kompetanseutvikling.
Som ein del av oss får du offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår gjennom medlemskap i KLP, og løn etter avtale.
Kontorstad er i Molde.
Målfrid Nesje,Seksjonsleiar opplæring i bedrift ,90640200,malfrid.nesje@mrfylke.no
Hilde Aspås,Næringssjef,97715135,hilde.aspaas@mrfylke.no
Julsundvegen 9
6412Molde
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5182409633
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026