Une candidature complète en une minute
Un CV et une lettre de motivation personnalisés, prêts à envoyer.
Vil du bli spesialist i eit fagfelt der du får bruke heile den medisinske kompetansen din?
Rus- og avhengigheitsmedisin er eit spennande fagområde i skjæringspunktet mellom rusmedisin, somatikk og psykiatri. Hos oss får du jobbe tett på pasientar med samansette problemstillingar, i eit sterkt tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse og eit felles engasjement for å gjere ein forskjell.
Vi søkjer no etter engasjerte leger i spesialisering (LIS 2/3) som ønskjer å utvikle seg innan rus- og avhengigheitsmedisin og vere med på å vidareutvikle behandlingstilbodet vårt ved Avdeling TSB i Møre og Romsdal.
Vi har ledig 2 faste 100 % stillingar for lege i spesialisering 2/3 ved Avdeling for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), Ålesund behandlingssenter, frå 01.02.27.
Ved Avdeling TSB i Helse Møre og Romsdal HF gir vi utgreiing og behandling til personar over 18 år med rus- og avhengigheitsutfordringar, samt støtte og oppfølging til deira pårørande. Tilbodet omfattar avrusing, korttids døgnbehandling og poliklinisk behandling.
Vi ønskjer oss leger som er fagleg nysgjerrig, engasjert i pasientgruppa og som trivst med samarbeid på tvers av profesjonar.
Søknadsfrist:
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innen psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal