Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Høgskulen på Vestlandet søker spesialbibliotekar/universitetsbibliotekar til Eining for studiestøtte ved campus Førde. Du blir tilknytta biblioteket og vil få ansvar for undervisning, rettleiing og utvikling av tenester knytt til utdanningar ved fakulteta i helse- og sosialvitskap og teknologi.
Stillinga krev mastergrad eller bachelor i relevante fag, god digital kompetanse og erfaring med undervisning. Arbeidet foregår på campus Førde med samkøyring og tverrgåande samarbeid mellom HVL sine
Stillinga er knytt til biblioteket si eining for studiestøtte og rapporterer direkte til leiar for eininga.
Arbeidsstad er campus Førde. Stillinga har likevel eit medansvar for samkøyring og utvikling av bibliotektenester på tvers av HVL sine fem campusar. Stillinga medfører utstrekt samarbeid med fagmiljø i HVL samt innad i høgskulebiblioteket.
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1515 - Spesialbibliotekar, stillingskode 1199 - Universitetsbibliotekar
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Vi gjer merksam på at unntak fra den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsladersomønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå eibalansert alders- og kjønnssamansetjing ogrekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og holi CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvendingi behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endrasom følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
1)Biblioteksjef Turid Bogetvedt Hitland
E-post: turid.bogetvedt.hitland@hvl.no
2)Einingsleiar Gunhild Austrheim
E-post: gunhild.austrheim@hvl.no
Les meir på våre heimesider. (https://www.hvl.no/)