Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) i Bergen har ledig fast stilling som spesialbibliotekar/universitetsbibliotekar i 100% ved Biblioteket.
Stillinga er knytt til eining for publikumstenester og krev kompetanse i bibliotekvitskap. Lønn etter Statens lønsregulativ, med fleksibilitet for samarbeid over HVL sine fem campus.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi,samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Biblioteket er organisert som ein del av HVLs fellesadministrasjon, og er i dag organisert med fire eningar; eining for publikumstenester, eining for studiestøtte, eining for forskingsstøtte og eining for informasjonsressursar. Bibliotektenesta omfattar femfysiske bibliotek fordelt på fem campus.
Biblioteket har eit breitt tenestetilbod for studentar og tilsette, og skal vidareutviklast som eit tidsaktuelt utdannings- og forskingsbibliotek som aktivt støttar opp under høgskulen sin faglege profil og ambisjonar.
Stillinga er knytt til biblioteket si eining for publikumstenester og rapporterer direkte til leiar for eininga.
Arbeidsstad er campus Bergen. Stillinga har likevel eit medansvar for samkøyring og utvikling av bibliotektenester på tvers av HVL sine fem campusar. Stillinga medfører utstrekt samarbeid med fagmiljø i HVL samt innad i høgskulebiblioteket.
Personlege eigenskapar:
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1515 - Spesialbibliotekar, stillingskode 1199 - Universitetsbibliotekar
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå eibalansert alders- og kjønnssamansetjing ogrekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og holi CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvendingi behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endrasom følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.