Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Fjord1 ASA søker skipsmotormekanikar til eit av Norges største ferjesamband mellom Rogaland-regionen.
Stillinga inneber 2 veker på og 2 veker fri, med om bord buing i arbeidsperiodane og dekka reise til/fra arbeidsperiodane av rederiet. Den som blir tilsett vil arbeide i tett samarbeid med maskinistane og maskinsjefen, delta i maskinvakt, vedlikehald og feilsøking, samt bidra til sikkerheit og beredskap.
Vi søker no etter ein skipsmotormekanikar som kan styrke mannskapet på eitt av landets største ferjesamband, Arsvågen-Mortavika.
I stillinga jobbar du 2 veker på og 2 veker fri, ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodane bur du om bord, og reise til og frå arbeidsperiodane blir dekt av rederiet.
Som skipsmotormekanikar blir du ein viktig del av den daglege drifta om bord. Du jobbar tett saman med maskinistane og maskinsjefen, og deltek i maskinvakt, vedlikehald, feilsøking og oppgåver knytt til tryggleik og beredskap. Du vil også inngå i ei alterneringsordning mellom teneste i maskin- og dekksavdelinga.
Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og byggje kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du blir ein del av eit trygt, inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø om bord, der samarbeidet på tvers av heile besetninga er ein naturleg del av kvardagen.
Ønskeleg med oppstart snarast. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert skipsmotormekanikar som trivast med å jobbe i team, og set sikkerhet og service på topp. Vilje til å lære og stå på er og viktige eigenskaper.