A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Fjord1 søkjer ein skipsmotormekanikar til landets største ferjesamband. Arbeidet vert utført i roleg vaktordning: to veker arbeid og to veker fri, og du bur om bord under vakta. Rederiet dekker reisetilretteing mellom periodane.
Gi deg moglegheiter til å utvikle deg innan maskinfaget og til å byggje kompetanse på gassfartøy. Alle krav til fagkvalifikasjonar må vere oppfylte og posisjonar blir sett i gang fortløpande.
Vi søker no etter ein skipsmotormekanikarsom kan styrke mannskapet på ett av landets største ferjesamband, Arsvågen-Mortavika.
I stillinga jobbar du 2 veker på og 2 veker fri, ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodane bur du om bord, og reise til og frå arbeidsperiodane blir dekt av rederiet.
Som skipsmotormekanikar blir du ein viktig del av den daglege drifta om bord. Du jobbar tett saman med maskinistane og maskinsjefen, og deltek i maskinvakt, vedlikehald, feilsøking og oppgåver knytt til tryggleik og beredskap.Du vil også inngå i ei alterneringsordning mellom teneste i maskin- og dekksavdelinga.
Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og byggje kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du blir ein del av eit trygt, inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø om bord, der samarbeidet på tvers av heile besetninga er ein naturleg del av kvardagen.
Ønskeleg med oppstart snarast. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert skipsmotormekanikar som trivast med å jobbe i team, og set sikkerheit og service på topp. Vilje til å lære og stå på er og viktige eigenskaper.
Benedicte Ellingsen,Rekrutteringsmedarbeider,47887896,benedicte.ellingsen@fjord1.no
E39
5561Føresvik
Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5210111210
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2026