Obtenez une réponse de cet employeur
Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.
Strandebarm omsorg søkjer sjukepleiar/vernepleiar for eit 100 % vikariat. Start frå 1. desember 2026 eller etter avtale, med turnus som inkluderer dag, kveld og helg. Langvakter på helg kan vere aktuelle. Arbeidet er i Kvam kommune med heimetenester og institusjon.
Stillinga er i ein ny omsorgsmodell som fokuserer på heimebuande tenester og samarbeid mellom sjukepleiarar, fagarbeidarar og tilsette ved Strandebarmheimen.
Pleie og omsorgstenesta i Kvam har fokus på \"Eit godt liv der me bur\" og har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen. Strandebarm omsorg består i dag av sjukepleiarar, fagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, aktivitør, fysioterapeut og lege. Me har i dag base på Strandebarmheimen sjukeheim.
Hos oss ved Strandebarm omsorg tilbyr me tenester til brukarar i institusjon, omsorgsbustad og i heimetenesta.