Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Øystre Slidre kommune i Innlandet søkjer sjukepleiar til 80% fast stilling ved avdeling Juvike. Arbeidsstaden ligg ved Øystre Slidre helsetun og ligg i nye, moderne lokale med godt samarbeid mellom avdelingar.
Du vil gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak, dokumentere etter gjeldande reglar og vere med i miljøarbeid og kvardagsrehabilitering. Krav: autorisasjon som sjukepleiar, god norsk, politiattest. Tillegg for erfaring vert vektlagt.
Vil du vere med å utvikle eit sterkt fagmiljø i avdeling Juvike? Avdeling Juvike er ei demensavdeling på Øystre Slidre helsetun. På helsetunet er det2 langtidsavdelingar, 1 korttidsavdeling, heimeteneste, omsorgsbustader og institusjonskjøken. På avdelinga er det helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, vernepleier og assistentar, og vi samarbeider tett med dei andre avdelingane Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.
Vi held til i nye og moderne lokale. Øystre Slidre helsetun ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde.
Vi har ledig 80% fast stilling som sjukepleiar.
Anne Bråthen, Avdelingsleiar institusjon, +47 91993201
Bygdinvegen 1989
2940HEGGENES
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 5205592022
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026
Anne Bråthen
Avdelingsleiar institusjon
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no .