A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Ålesund kommune søker sjukepleiar til Lillegjerdet ved Spjelkavik omsorgssenter. Du får ei meiningsfull oppgåve der du bruker fagkompetansen din, kjenner bebuarane og bidrar til gode dagar.
Avdelinga Lillegjerdet er ei langtidsavdeling med ni bebuarar. Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med fagleg utvikling, rettleiing og fleirsidig samarbeid i kvardagen.
Vil du bli vår nye sjukepleiar på Lillegjerdet?
Vil du ha ein meiningsfull jobb der du får bruke fagkompetansen din, bli kjend med bebuarane og bidra til gode dagar? Hos oss får du faglege utfordringar, gode kollegaer og ein turnus med samanhengande friperiodar.
Vi søkjer ein sjukepleiar til 100 % fast stilling ved avdeling Lillegjerdet på Spjelkavik omsorgssenter. Ein av våre dyktige sjukepleiarar går snart av med pensjon, og no håpar vi at du vil bli vår nye kollega!
Om avdelinga
Lillegjerdet er ei langtidsavdeling med ni bebuarar. Du får ei viktig rolle i å sikre heilskapleg pleie og omsorg, gjere sjukepleiefaglege vurderingar og bidra til ein trygg og god kvardag for kvar enkelt.
Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø der vi samarbeider, deler kompetanse og støttar kvarandre i kvardagen.
Ein turnus med rom for fritid
Hos oss får du:
100 % fast stilling
Langvakter på inntil 13,5 timar
Arbeid kvar fjerde helg
Turnus over 52 veker med samla friperiodar
Bli ein del av laget vårt!
Spjelkavik omsorgssenter har 55 sjukeheimsplassar fordelte på sju avdelingar, og du blir ein del av eit større fagmiljø med eit felles mål om å gi bebuarane gode og trygge tenester.
Stillinga er ledig frå 1. februar 2027, eller etter avtale.
Har du lyst til å gjere ein forskjell – og samtidig få ein turnus med rom for livet utenfor jobb? Vi håpar å høyre frå deg!
Sjukepleiar, 100 % fast stilling ved avd. Lillegjerdet
Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter.
Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal fra 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utenfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utenfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.