Avdelingsleiar 100%

Ålesund Kommune

Norway

On-site

NOK 900,000 - 1,300,000

Full time

2 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Job summary

Ålesund kommune søker ein engasjert avdelingsleiar til å byggje opp eit nytt team for tvungen omsorg, i Hallvarmarka. Du får ei sentral rolle i å etablere eit sterkt fagmiljø og å vidareutvikle eksisterande tenester, samstundes som du skal leie og koordinere personalet.

Kvalifikasjonar som autorisasjon som vernepleiar/sykepleier, leiingserfaring og PAS-kompetanse vektleggast. Du blir del av eit støttande kollegialt miljø, og det blir lagt vekt på inkludering og høg fagleg kvalitet i tenestene.

Qualifications

  • Autorisasjon som vernepleiar eller sykepleier med relevant praksis er ønskelig.
  • Bachelorutdanning innan helse- og sosialfag; vidareutdanning i leiing anbefalt.
  • Erfaring frå arbeid innan psykiatri og leiarstilling er ønskjeleg.

Responsibilities

  • Rekruttere, utvikle og følgje opp medarbeidarar og fagpersonar.
  • Gi fagleg rettleiing og legge til rette for kompetanseutvikling.
  • Bidra til implementering av PAS og andre kunnskapsbaserte metodar i tenestene.
  • Vere ansvarleg for delegerte oppgåver innan personalleiing, turnus, økonomi og dagleg drift.
  • Vere pådrivar for bruk av velferdsteknologi og innovative løysingar.
  • Vere med på å skape eit godt og triveleg arbeidsmiljø.

Skills

Trygg leiar
Engasjert leiar
Personleg utviklingsfokus

Education

Autorisasjon som vernepleiar/sykepleier
Bachelorutdanning innan helse- og sosialfag
Vidareutdanning i leiing

Job description

Vil du vere med og byggje morgondagens tenester – og leie eit team frå start?

Er du ein engasjert og framtidsretta leiar som blir motivert av å byggje team, utvikle fagmiljø og skape tenester med høg kvalitet? Då kan dette vere moglegheita du har venta på!
Boteneste Nordre har ei stor avdeling på Ørskog som gir tenester til personar med utviklingshemming. Avdelinga har vakse i omfang og skal no delast i to. I samband med dette søkjer vi etter ny avdelingsleiar.
Du får ei spennande moglegheit til å vere med heilt frå starten når vi etablerer eit nytt team på Hallvarmarka innan Tvungen Omsorg. Her får du ei sentral rolle i å byggje opp eit nytt fagmiljø, samstundes som du skal vere med på å vidareutvikle eksisterande tenester og team.

Vi etablerer eit nytt team med 3:1-bemanning, samstundes som to eksisterande team med 2:1-bemanning skal vidareutviklast. Turnusen for det nye teamet med 3:1-bemanning vil vere ein kombinasjon av medleverturnus og langvakter.
I arbeidet får du eit tett samarbeid med St. Olavs hospital, Fagenheten for tvungen omsorg, som har det faglege ansvaret for 3:1-tiltaket og skal bidra med rettleiing av personalet. Dette gir deg som leiar ei unik moglegheit til å vere med på å utvikle eit sterkt og kompetent fagmiljø rundt ei krevjande og viktig teneste.
Vi ser etter deg som vil vere med frå starten

Ålesund kommune arbeider etter rettleiaren «Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming» og er i gang med implementering av positiv åtferdsstøtte (PAS).
Vi ønskjer ein leiar som ser verdien av persontilpassa tenester, sjølvbestemming, inkludering og høg fagleg kvalitet – og som ønskjer å omsetje desse verdiane til praksis i kvardagen.
Vil du vere med og byggje eit nytt team, utvikle fagmiljøet og setje retning for morgondagens tenester?

Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Som ein del av rekrutteringsprosessen vil aktuelle kandidatar bli inviterast til å gjennomføre evne- og personlighetstester.

  • Sikre at tjenestemottakerane får individuelt tilpassa tenester som fremjar sjølvbestemming, deltaking, livskvalitet og gode kvardagsliv.
  • Rekruttere, utvikle og følgje opp medarbeidarar og fagpersonar.
  • Gi fagleg rettleiing og legge til rette for kompetanseutvikling.
  • Bidra til implementering av PAS og andre kunnskapsbaserte metodar innan tenestene.
  • Vere ansvarleg for delegerte oppgåver innan personalleiing, turnus, økonomi og dagleg drift.
  • Vere pådrivar for bruk av velferdsteknologi og innovative løysingar.
  • Vere med på å skape eit godt og triveleg arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som vernepleiar/sykepleier er ønskjeleg og vil bli tillagt særleg vekt.
  • Andre relevante bachelorutdanningar innan helse- og sosialfag kan vurderast.
  • Vidareutdanning i leiing er ønskeleg, evt er det ei forventning om at den som vert tilsett i stillinga
    gjennomfører slik vidareutdanning.
  • Erfaring frå arbeid innen psykiatri er ønskjeleg.
  • Erfaring med leiing, fagutvikling eller koordinering er ønskjeleg.
  • Kunnskap om PAS, målretta miljøarbeid og personorienterte tenester er ein fordel.
  • Erfaring frå arbeid etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 er ønskjeleg.
  • Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar.
Personlege eigenskapar
  • Vere ein trygg og tydeleg leiar som skaper tillit og engasjement.
  • Du motiverast av utviklingsarbeid og moglegheita til å byggje noko nytt.
  • Personlege eigenskaper blir vektlagt.
  • Ei unik mogelegheit til å etablere og utvikle eit nytt bufellesskap med høge faglege ambisjonar.
  • Ei sentral rolle i utviklinga av framtidas tenester for personar med utviklingshemming i Ålesund kommune.
  • Eit inkluderande og støttande leiarmiljø.
  • Gode mogelegheiter for fagleg utvikling.
  • Vi vil tilby eit støttande og engsjert kollegialt team.
  • Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter verksemda sitt behov.
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff for leiarstillingar.

Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter.

Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Avdelingsleiar 100%
Avdelingsleiar 100%

Ålesund Kommune • Ålesund

On-site
NOK 850,000 - 1,150,000
Avdelingsleiar 100%
Avdelingsleiar 100%

Buteneste nordre, Ålesund kommune • Sjøholt

On-site
NOK 800,000 - 1,000,000
Miljøterapeut - 58,28% stilling - Fast
Miljøterapeut - 58,28% stilling - Fast

Ålesund Kommune • Skodje

On-site
NOK 470,000 - 560,000
Sykepleier-natt
Sykepleier-natt

Ålesund Kommune • Ålesund

On-site
NOK 560,000 - 750,000
Helsefagarbeider
Helsefagarbeider

Aspøy omsorgssenter, Ålesund kommune • Ålesund

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Fagleg påfyll og vidareutdanning
Pensjonsordning
Bedriftshelsetjeneste
+2
Helsefagarbeider- Blindheim bokollektiv-nattstilling
Helsefagarbeider- Blindheim bokollektiv-nattstilling

Blindheim omsorgssenter, Ålesund kommune • Ålesund

On-site
NOK 250,000 - 320,000
Pensjonsordning
Bedriftshelsetjeneste
Parkering og offentleg transport i nær
+1
Vernepleier/sykepleier
Vernepleier/sykepleier

Ålesund Kommune • Ålesund

Hybrid
NOK 480,000 - 600,000
Sykepleier 100% stilling ved Spjelkavik Øst hjemmetjeneste
Sykepleier 100% stilling ved Spjelkavik Øst hjemmetjeneste

Ålesund Kommune • Ålesund

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Tilkallingsvikarar - lærarar - Valle/Skodje/Ørskog
Tilkallingsvikarar - lærarar - Valle/Skodje/Ørskog

Skolene i Ålesund kommune og Ålesund voksenopplæringssenter, Ålesund kommune • Ålesund

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Gode arbeidsmiljøer
Kjennskap til ulike skoler
Tilkallingsvikarar - Skole og SFO - Valle/Skodje/Ørskog
Tilkallingsvikarar - Skole og SFO - Valle/Skodje/Ørskog

Grunnskolene i Ålesund, Ålesund kommune • Ålesund

On-site
NOK 60,000 - 90,000