Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Svelgen Omsorgssenter i Bremanger kommune søker sjukepleiar som vil bruke fagkunnskap og omtanke for å skape tryggleik og trivsel i kvardagen til pasientar.
Arbeidsplassen ligg i eit moderne, lyst miljø med tilpassa tilsette og god støtte frå fagmiljøet. Det blir årsturnus og høve til fagleg fordjuping innan rekreasjon, demens, akuttsjukdom og palliasjon, med moglegheit for vidareutvikling.
Er du sjukepleiar som ønskjer å bruke fagkunnskap og medmenneskelegheit for å skape tryggleik, trivsel og meistring i kvardagen til andre? Då håpar vi du vil bli med oss på Svelgen Omsorgssenter!
Svelgen Omsorgssenter er moderne, lyst og heimekjent – ein plass der pasientane bur trygt og godt. Som medarbeidar får du ein nytenkjande og tilrettelagd arbeidsplass, der fagmiljøet deler kunnskap, støttar kvarandre og saman skaper gode opplevingar kvar dag.
Vi har 48 bueiningar fordelt på fem avdelingar, organisert etter diagnosar og ulike hjelpebehov, inkludert eige lindrande rom. Sjukepleiarane våre deltek òg i eit spennande legevaktsatellitt-tilbod som gir fagleg variasjon og utvikling.
Vi arbeider i årsturnus, og du får påverke eigen arbeids- og fritid. Dette er ei stilling for deg som ønskjer stabilitet, fagleg utvikling og eit arbeidsmiljø som vil deg vel.
Dette blir ein variert og lærerik kvardag, med moglegheit til fagleg fordjuping i fleire ressursgrupper, mellom anna: rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft.
Du vil mellom anna:
Vi ser etter ein sjukepleiar som møter pasientane med varme, tryggleik og fagleg nysgjerrigheit. Du trivst med menneske, og du ønskjer å bruke kompetansen din til det beste for kvar enkelt pasient. Arbeidskvardagen hos oss er variert, og du må kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og tilpasse deg nye situasjonar.
Du jobbar godt sjølvstendig, men set også pris på å vere ein del av eit lag som støttar kvarandre. Serviceinnstilling, samarbeidsevne og personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.