sjukepleiar

Hilde Gretha Hauge

Rise

On-site

NOK 550,000 - 750,000

Full time

5 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Hjelp til bustad og barnehageplass
Gratis barnehage
Gratis SFO 1.–3. klasse

Job summary

Svelgen Omsorgssenter søkjer autorisert sjukepleiar som vil bruke fagkunnskap og omtanke for å skape tryggleik og god kvardagspleie for pasientane ved Svelgen Omsorgssenter.

Stillinga gir fagleg utvikling, stabilitet og eit godt arbeidsmiljø i Bremanger kommune. Du blir ein del av eit team som støttar kvarandre og arbeider for høg fagleg kvalitet.

Qualifications

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar er påkrevd.
  • Erfaring frå akuttmedisin er ein fordel.
  • Trivst med teamarbeid og samarbeid på tvers.
  • Omstillingsdyktig og løysingsorientert.

Responsibilities

  • Utføre sjukepleiefaglege oppgåver hos pasientane.
  • Følgje opp ei brei pasientgruppe med ulike behov.
  • Gi heilskapleg omsorg for eldre menneske.
  • Vurdere og ivareta individuelle behov.
  • Delta i ressursgrupper og fagutvikling.
  • Dokumentere, rettleie og undervise.

Skills

Teamwork
Adaptable
Norwegian language

Education

Norsk autorisasjon som sjukepleiar

Job description

Er du sjukepleiar som ønskjer å bruke fagkunnskap og medmenneskelegheit for å skape tryggleik, trivsel og meistring i kvardagen til andre? Då håpar vi du vil bli med oss på Svelgen Omsorgssenter!

Svelgen Omsorgssenter er moderne, lyst og heimekjent – ein plass der pasientane bur trygt og godt. Som medarbeidar får du ein nytenkjande og tilrettelagd arbeidsplass, der fagmiljøet deler kunnskap, støttar kvarandre og saman skaper gode opplevingar kvar dag.

Vi har 48 bueiningar fordelt på fem avdelingar, organisert etter diagnosar og ulike hjelpebehov, inkludert eige lindrande rom. Sjukepleiarane våre deltek òg i eit spennande legevaktsatellitt-tilbod som gir fagleg variasjon og utvikling.

Vi arbeider i årsturnus, og du får påverke eigen arbeids- og fritid. Dette er ei stilling for deg som ønskjer stabilitet, fagleg utvikling og eit arbeidsmiljø som vil deg vel.

Arbeidsoppgåver

Dette blir ein variert og lærerik kvardag, med moglegheit til fagleg fordjuping i fleire ressursgrupper, mellom anna: rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft.

Du vil mellom anna:

  • Utføre sjukepleiefaglege oppgåver hos pasientane
  • Følgje opp ei brei pasientgruppe med ulike behov
  • Gi heilskapleg omsorg for eldre menneske
  • Vurdere og ivareta individuelle behov
  • Delta i ressursgrupper og fagutvikling
  • Dokumentere, rettleie og undervise
Kvalifikasjonar (overskrift)
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå akuttmedisin er ein fordel
  • Trivst med teamarbeid og samarbeid på tvers
  • Omstillingsdyktig og løysingsorientert
  • Politiattest av nyare dato
  • Beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg

Vi ser etter ein sjukepleiar som møter pasientane med varme, tryggleik og fagleg nysgjerrigheit. Du trivst med menneske, og du ønskjer å bruke kompetansen din til det beste for kvar enkelt pasient. Arbeidskvardagen hos oss er variert, og du må kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og tilpasse deg nye situasjonar.

Du jobbar godt sjølvstendig, men set også pris på å vere ein del av eit lag som støttar kvarandre. Serviceinnstilling, samarbeidsevne og personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:

  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage
  • Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
  • Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
  • Rekrutteringstilskot til nytilsette; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
  • Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år. Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/

I tillegg får du:

  • Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
  • Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
  • Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
  • Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
  • Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
  • Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!

Kontaktinformasjon

Hilde Gretha Hauge,Driftssjef open omsorg indre,+47 95989310

Arbeidsstad

Granden 1
6723Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 5197844759
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.11.2026

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Sjukepleiar
Sjukepleiar

Evy Janne Berle • Frøya

On-site
NOK 520,000 - 760,000
Hjelp til bustad og barnehageplass
Gratis barnehage
Gratis 12 timar SFO i veka
+2
Helsefagarbeidar ved Svelgen Omsorgssenter
Helsefagarbeidar ved Svelgen Omsorgssenter

Hilde Gretha Hauge • Rise

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Hjelp til bustad og barnehageplass
Gratis barnehage
Gratis 12 timar SFO i veka for elevar
+3
sjukepleiar
sjukepleiar

Bremanger kommune • Svelgen

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Hjelp til bustad og barnehageplass
Fritidskortet – gratis fritidsaktivtet
Rekrutteringstilskot til nytilsette; €
+6
sjukepleiar
sjukepleiar

Bremanger kommune • Rise

On-site
NOK 720,000 - 860,000
Bustadtilskot
Hjelp til bustad og barnehageplass
Rekrutteringstilskot til nytilsette
+5
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Bremanger sjukeheim, Bremanger kommune • Frøya

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Gratis barnehage
Gratis 12 timar SFO i veka
Rekrutteringstilskot til nytilsette
+2
Helsefagarbeidar
Helsefagarbeidar

Evy Janne Berle • Frøya

On-site
NOK 520,000 - 620,000
Hjelp til bustad og barnehageplass
Gratis barnehage
Gratis 12 timar SFO i veka
+4
Helsefagarbeidar
Helsefagarbeidar

Bremanger sjukeheim, Bremanger kommune • Frøya

On-site
NOK 450,000 - 560,000
Hjelp til bustad og barnehageplass
Gratis barnehage
Gratis 12 timar SFO i veka
+4
sjukepleiar
sjukepleiar

Svelgen omsorgssenter, Bremanger kommune • Svelgen

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Bustadtilskot til tilsette
Gratis barnehage for tilsette
Fritidskortet
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Bremanger kommune • Kalvåg

On-site
NOK 520,000 - 760,000
Hjelp til bustad og barnehageplass
Fritidskortet for barn og unge
Gode pensjons- og låneordningar
+1
Sjukepleiar 80 % fast stilling
Sjukepleiar 80 % fast stilling

Sulatunet, Sula kommune • Langevåg

On-site
NOK 420,000 - 600,000
Gratis parkering
Stipendordning
Lokalt tillegg
+1