Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund lyser ut stillingar som sjukepleiar ved medisinsk sengepost 5. Det er 100%, 90% og 80% faste stillingar. Stillingsprosent er oppgitt som 100, 90 og 80, og arbeid skjer i 3-delt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Yrkesrollen krev norsk autorisasjon som sjukepleiar, god norskmuntleg og skriftleg kommunikasjon (B2). Omgreininga inkluderer faglege ambisjonar og samarbeid i eit sterkt fagmiljø prega av kvalitet og pasienttryggleik.
Sjukepleiar Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar.
Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!!
Vi Har Ledig
Stillingane er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Om du ønsker langvakter og arbeid kvar 4.helg så er det også ein moglegheit. Oppstart etter avtale.
Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er vi åpne for anna stillingsfordeling og/eller fleire tilsetjingar. Skriv gjerne i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer. Det kan også vere mogelegheit for rein nattevaktsstilling om det er ønskeleg.
Søknadsfrist 18.10.2026
Arbeidsgivar Helse Møre og Romsdal HF
Stad Ålesund
Stillingstittel Sjukepleiar
Stillingar 4
Heiltid / Deltid Heiltid, Deltid
Tilsetjingsform Fast
Stillingsprosent 100, 90, 80
Adresse: Ålesund Sykehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
Ellen I Lagabø Molnes Seksjonsleiar
Telefon: +47 70105885
E-post: Ellen.I.Lagabo.Molnes@helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal