Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Bjørnafjorden kommune utlyser 100% stilling som sjukeheimslege i samband med foreldrepermisjon i Os. Arbeidsstaden ligg ved LBBS og FBBS, med moglegheit for rettleiing frå erfarne legar og variert arbeid i korte og lange avdelingar.
Tilsettingsperioden er frå 01.12.2026 til 30.09.2027. Søkjaren må ha norsk autorisasjon som lege og norskkunnskap av god kvalitet, med fokus på samhandling i tverrfaglege team og god livskvalitet for pasientane.
Bjørnafjorden kommune har ledig 100% stilling i perioden frå 01.12.2026 til 30.09.2027 som sjukeheimslege i samband med foreldrepermisjon.
Vi søkjer deg som har hjarte for eldreomsorg, og ønsker å jobbe i et engasjert, positivt og inspirerande miljø!
Det er gode moglegheiter for både «ad hoc» - og meir strukturert rettleiing av erfarne legar.
Pleie- og omsorgstenesta ved Luranetunet bu- og behandsels senter på Os med kort reiseveg frå Bergen. Ca 1 dag i veka er tilknytt Fusa bu-og behandsels senter i Eikelandsosen. Reisetid på ca. 30 min. til Fusa bu-og behandsels senter er inkludert i arbeidstid.
Luranetunet bu- og behandsels senter (LBBS) har to korttidsavdelingar og åtte langtidsavdelingar med til saman ca 175 bebuarar. Vi har òg ein ny og flott innebygd tropehage på 1300 m2, der temperaturen er behageleg heile året.
Fusa bu-og behandsels senter (FBBS) har ein miljøavdeling for personar med demens, ein bu avdeling og ein korttids-og rehabiliteringsavdeling med til saman ca 40 bebuarar.
Vi har og 3 kommunale ØH-senger innen somatikk, rus og psykiatri. 2 på LBBS og 1 på FBBS.
Kortidsavdelingane er for pasientar som treng vidare behandling etter sjukehusopphald (opptrening, vidare medisinsk behandling, rehabilitering), eller palliative pasientar med behov for lindrande behandling. Vi tar imot heimebuande som treng avlastning eller medisinsk utgreiing.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?