A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Bjørnafjorden kommune lyser ut ei 100% stilling som sjukeheimslege i samband med foreldrepermisjon, frå 01.12.2026 til 30.09.2027. Arbeidet er knytt til Pleie- og omsorgstenesta ved LBBS i Os, med nærliggande reisetid til Fusa bu- og behandlingssenter.
Vi søkjer deg med engasjement for eldreomsorg og evne til å arbeide i eit inkluderande, fagleg raust miljø. Det blir gode moglegheiter for rettleiing av erfarne legar og tett kontakt med pårørande og andre instansar.
Bjørnafjorden kommune har ledig 100% stilling i perioden frå 01.12.2026 til 30.09.2027 som sjukeheimslege i samband med foreldrepermisjon.
Vi søkjer deg som har hjarte for eldreomsorg, og ønsker å jobbe i et engasjert, positivt og inspirerande miljø!
Det er gode moglegheiter for både «ad hoc» - og meir strukturert rettleiing av erfarne legar.
Pleie- og omsorgstenesta ved Luranetunet bu- og behandlingssenter på Os med kort reiseveg frå Bergen.Ca 1 dag i vekaer tilknytt Fusa bu-og behandlingssenter i Eikelandsosen. Reisetid på ca. 30 min. til Fusa bu-og behandlingssenter er inkludert i arbeidstid.
Luranetunet bu- og behandlingssenter (LBBS) har to korttidsavdelingar og åtte langtidsavdelingar med til saman ca 175 bebuarar. Vi har òg ein ny og flott innebygd tropehage på 1300 m2, der temperaturen er behageleg heile året.
Fusa bu-og behandlingssenter (FBBS) har ein miljøavdeling for personar med demens, ein bu avdeling og ein korttids-og rehabiliteringsavdeling med til saman ca 40 bebuarar.
Vi har og 3 kommunale ØH-senger innen somatikk, rus og psykiatri. 2 på LBBS og 1 på FBBS.
Kortidsavdelingane er for pasientar som treng vidare behandling etter sjukehusopphald (opptrening, vidare medisinsk behandling, rehabilitering), eller palliative pasientar med behov for lindrande behandling.Vi tar imot heimebuande som treng avlastning eller medisinsk utgreiing.
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.