Postdoktor ved Det juridiske fakultet

Forskere ved Det juridiske fakultet

Bergen

Presencial

NOK 728 000 - 800 000

Tempo integral

Há 3 dias
Torna-te num dos primeiros candidatos

Recebe uma resposta deste empregador

O teu currículo e carta de apresentação, adaptados exatamente ao que estão a contratar.

Ultrapassa os filtros ATS

Vantagens oferecidas por esta oferta de emprego

Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Godt faglig arbeidsmiljø

Resumo da oferta

Universitetet i Bergen (UiB) søker ein postdoktor i rettsvitskap med fokus på korleis generativ kunstig intelligens påverkar juridisk utdanning. Stillinga er knytt til AI LEARN-senteret, leia av Det psykologiske fakultet, med Det juridiske fakultet som partnar.

Stillinga varer i 3 år med moglegheit for utviding. Arbeidsoppgåver inkluderer å utvikle forskingsopplegg, publiseringar og formidling, samt Delta i prosjektet og i forskingsmiljøet ved fakultetet.

Qualificações

  • Norsk mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning.
  • Doktorgrad i rettsvitskap er ein føresetnad og må vere oppnådd før tilsetjing.
  • Forskarerfaring knytt til juss, pedagogikk og KI er ein fordel.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
  • Gode samarbeidsevner og bidra til fagleg utvikling.
  • Kunnskap på høgt nivå i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg.

Responsabilidades

  • Arbeide med vitskapeleg arbeid som hovud- eller medforfattar og resultere i minimum 4 fagfellevurderte publikasjonar.
  • Bidra til formidling av prosjektresultata og kunnskap.
  • Delta i og organisere aktivitetar i prosjektet i tett samarbeid med leiaren av klynga og prosjektmedlemar.
  • Være medlem av Forskargruppa for informasjons- og innovasjonsrett og bidra til eit godt fagmiljø ved fakultetet.

Conhecimentos

Sjølvstendig arbeid
Samarbeidsevne
Engelsk/Norsk flyt
Strukturert arbeidsstil

Formação académica

Mastergrad i rettsvitskap
Doktorgrad i rettsvitskap

Descrição da oferta de emprego

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Postdoktorstilling

Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei postdoktorstilling med fokus på korleis generativ kunstig intelligens påverkar juridisk utdanning. Stillinga er knytt til forskingssenteret AI LEARN koordinert av det Det psykologiske fakultet, med Det juridiske fakultet som partnar. AI LEARN er eit av seks nasjonale forskingssenter for kunstig intelligens finansiert av Noregs forskingsråd. Stillinga er for ein periode på 3 år med moglegheit for utviding inntil eit år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Om AI LEARN
AI LEARN er eit nasjonalt senter som er dedikert til å styrke menneskeleg læring gjennomansvarleg, menneskesentrert kunstig intelligens. I ei verd kor KI-system endrar måten vi lærar,arbeider, skapar, leiar og deltek i demokratiet på, tek senteret for seg moglegheitene og faraneved hybrid intelligens – menneske og maskinar som arbeider og lærer saman. Målet er åetablere eit internasjonalt leiande tverrfagleg knutepunkt som fremmer grunnleggandeforsking, ansvarleg innovasjon, robust styring og brei kapasitetsbygging. AI LEARN er eitkonsortium beståande av 35 nasjonale og internasjonale partnarar frå akademia og offentleg og
privat sektor.

Om postdoktorprosjektet
Utviklinga innan generativ kunstig intelligens reiser grunnleggjande spørsmål om kva som vilvere relevant juridisk kompetanse i framtida, og kva konsekvensar dette bør få for innhaldet iog forma på jussutdanninga. Utviklinga aktualiserer òg eit behov for kunnskap om korleis jusstudentane sin bruk av generativ kunstig intelligens i lærings- og vurderingssituasjonarpåverkar tilnærminga deira til eigen læring og juridisk problemløysing. Postdoktorprosjektetskal bidra til å utvikle kunnskap på desse temaa, med særleg vekt på kva handlingsrom dei rettslege rammene for høgre utdanning gjev for god pedagogisk praksis i møte med generativkunstig intelligens.
Stillinga er knytt til klynga styring, etikk & regulering («Governance, Ethics &Regulation») som er leia av professor Malgorzata Cyndecka ved Det juridiske fakultet.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide med vitskapeleg arbeid som hovud- eller medforfattar som skal resultere i minimum 4 fagfellevurderte publikasjonar.
  • Bidra til å formidle prosjektresultata og kunnskap om prosjektet på relevante arenaer.
  • Delta på og vere med å organisere aktivitetar i prosjektet, i tett samarbeid med leiaren av klynga og dei andre prosjektmedlemane i senteret.
  • Delta aktivt som medlem av og bidragsytar til Forskargruppa for informasjons- og innovasjonsrett og til forskingssenteret AI LEARN, og bidra til eit godt fagmiljø ved fakultetet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Du må ha norsk mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning.
  • Du må ha doktorgrad i rettsvitskap. Det er ein føresetnad at du har levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Doktorgraden må vere oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Det er ein fordel å ha forskarerfaring knytt til juss, pedagogikk og KI.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.
  • Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til fagleg utvikling.
  • Du må ha kunnskapar på høgt nivå i både engelsk og norsk, så vel munnleg som skriftleg.

Vurderinga av søkarane vil leggje vekt på kvaliteten på prosjektomtalen og relevansen for prosjektet. Vurderinga vil òg leggje vekt på søkjaren sine faglege og personlege føresetnadar for å bidra til fagmiljøet ved fakultetet. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn tilintervju.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Normal åremålsperiode for stillinga er tre år med moglegheit for utviding inntil eitt år. Avgjerda om utvida tid, som skal nyttast til anna karrierefremmande arbeid som mellom anna undervisning og arbeid i tilknyting til forskingsprosjekt, skal vurderast særskilt etter søkarens kvalifikasjonar. Avgjerda treffast innan seks måneder etter tilsetting. Undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB

Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som postdoktor (kode 1352 ) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årslønn på kr. 728 000 – 800 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg høgt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
  • Søknadsbrev (fyllast ut i søknadsportalen). Ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga, og korleis dette samsvarer med prosjektmåla i forskingsprosjektet.
  • CV (fyllast ut i søknadsportalen).
  • Ei prosjektomtale (minimum 7 sider og maksimum 10 inkludert referansar) som inneheld ei beskriving av postdoktor-prosjektet sitt overordna tema, mål, teori og metode, samt ein plan for gjennomføringa av prosjektet og ei vurdering av risiko du ser ved det planlagde prosjektet og korleis denne er tenkt handtert.
  • Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål.
  • Liste over vitskapleg arbeid (publikasjonsliste).
  • Full versjon av doktoravhandlinga og inntil 3 andre faglege publikasjonar i pdf-format. Publikasjonane må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, med mindre anna er avtalt. Søkar kan velje å inkludere upubliserte manuskript.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar er eit føremon, ein av desse bør fortrinnsvis vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemåla karakter-utskriftene og anna dokumentasjonen ikkje er på eit av disse språka. Det må også leggjast ved eit Diploma Supplement med standardisert omtale av oppbygging, nivå, struktur, innhald og status av utdanninga til søkjaren. Søkjarar med utdanning frå utanfor Skandinavia, vil få si utdanning evaluert med utgangspunkt i HK-dir. sine retningslinjer for godkjenning av utenlandsk utdanning .

Søkjarar med anna morsmål enn norsk (eller eit anna skandinavisk språk) må òg leggje ved attest eller anna relevant dokumentasjon som viser at dei har språkkunnskapen som krevjast for stillinga.

Søknaden og prosjektomtalen kan skrivast norsk eller eit anna skandinavisk språk. All dokumentasjon må vere lagd ved søknaden. Søknad og vedlegg må lastast opp i JobbNorge via lenkje på denne sida merka «Søk stillingen».

Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen. Søknader som ikkje inkluderer alle obligatoriske vedlegg vil ikkje bli vurdert.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga og prosjektet kan ein få ved å vende seg til Professor Jan-Ove Færstad (e-post Jan-Ove.Farstad@uib.no ).

Utfyllande informasjon om rekrutteringsprosessen og tilsettingsvilkår kan ein få ved å vende seg til HR ved fakultetet (e-post hrjur@uib.no ).

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her .

Vi oppmodar men ...


Obtém a tua avaliação gratuita e confidencial do currículo.

ou arrasta e larga o ficheiro aqui.

Similar jobs

Ofertas semelhantes que vale a pena comparar

Postdoktor ved Det juridiske fakultet
Postdoktor ved Det juridiske fakultet

Universitets- og høyskolelektorer/-lærere • Bergen

Presencial
NOK 728 000 - 800 000
Gode velferdsordningar
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Postdoktor ved Det juridiske fakultet
Postdoktor ved Det juridiske fakultet

Universitetet i Bergen • Bergen

Híbrido
NOK 728 000 - 800 000
Førsteamanuensis i rettsvitskap
Førsteamanuensis i rettsvitskap

Sigrid Eskeland Schütz • Bergen

Presencial
NOK 850 000 - 960 000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Forskar (100%), ved Insititutt for Biomodisin
Forskar (100%), ved Insititutt for Biomodisin

Forsker • Bergen

Presencial
NOK 690 000 - 710 000
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Mellombels forskar
Mellombels forskar

Pål Njølstad • Bergen

Presencial
NOK 690 000 - 710 000
Universitetslektor (20 % ekstraerverv) i medisin (farmakologi)
Universitetslektor (20 % ekstraerverv) i medisin (farmakologi)

Silke Appel • Bergen

Presencial
NOK 655 000 - 705 000
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Ekstraerverv (20 %) i klinisk psykologi ved Institutt for klinisk og biologisk psykologi
Ekstraerverv (20 %) i klinisk psykologi ved Institutt for klinisk og biologisk psykologi

Reidar Jakobsen • Bergen

Presencial
NOK 660 000 - 806 000
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Universitetslektor (mellombels) i digital kultur
Universitetslektor (mellombels) i digital kultur

David Wright • Bergen

Presencial
NOK 653 000 - 693 000
Gode velferdsordningar
Trygt arbeidsmiljø
Nettverksbygging
+2
Postdoktor i modellering av kopla geodynamikk – glasial erosjon
Postdoktor i modellering av kopla geodynamikk – glasial erosjon

Sebastian Wolf • Bergen

Presencial
NOK 617 000 - 754 000
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Kommunikasjonsrådgjevar ved Det humanistiske fakultet
Kommunikasjonsrådgjevar ved Det humanistiske fakultet

Universitetet i Bergen • Bergen

Presencial
NOK 700 000 - 750 000
Fleksitid
Sommartid
Heimekontor etter avtale
+2
Principais localizações