An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Helse Møre og Romsdal oppsøker ein sekretær til Stråleterapiseksjonen ved Ålesund sjukehus. Du blir ein del av eit tverrfagleg team som gir service til poliklinikken og sengeposten i kreftavdelinga, og du vil samarbeide nært med legar og sjukepleiarar.
Stillinga krev at du kan norsk skriftleg og muntleg, vere serviceorientert og handtere ei travel kvar dag. Ålesund er ei by med vakker Jugendstilarkitektur, og rollen gir god moglegheit for kompetanseutvikling i ei offentleghelseteneste.
Vil du vere med på vinnerlaget og skape helsetenester til våre pasientar i eit spennande fagmiljø?
Stråleterapiseksjonen er lokalisert i kreftbygget og er ein del av det onkologiske fagmiljøet i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen gir eit fylkesdekkande tilbod innen stråleterapi for pasientar i Møre og Romsdal. Merkantil seksjon er knytt til stråleterapi, men du vil ikkje jobbe direkte med stråleterapi. Som sekretær hos oss, blir du inkludert i eit svært tverrfagleg team og vi yter service både til poliklinikken og sengeposten i kreftavdelinga. Du vil samarbeide både med legar, sjukepleiarar på kreftpoliklinikken, og personale på stråleterapien. Vi roterer på dei fleste arbeidsoppgåvene og du bør vere førebudd på å serve både poliklinikk og sengepost.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her .
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal