Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Sauda ungdomsskule i Sauda kommune søkjer fagleg engasjerte og motivert lærarar som vil bidra aktivt i det profesjonelle læringsfellesskapet og medverke til eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø.
Arbeidsoppgåver er undervisning i ulike fag på ulike trinn, og aktiv deltaking i skulen sitt kollektive kompetanseutviklingsarbeid. Du vil samarbeide med føresette, kollegaer og eksterne partnarar.
Sauda kommune har ledig fast 100%stilling som lærar ved Sauda ungdomsskule frå 01.01.2027.
Vi søkjer fagleg engasjert og motivert lærarar som vil bidra aktivt i det profesjonelle læringsfellesskapet og medverke til eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø.
Sauda ungdomsskule har 177 elevar
Personlige dugleikar vil bli vektlagt.
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Saudakommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest.Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn å søkje stillinga.
Sauda kommune ligg i vakre Ryfylke og har ca 4600 innbyggarar. Historisk er Sauda mest kjend som ein vasskraft- og industrikommune, men me har nå eit variert og innhaldsrikt næringsliv. Sauda er ein kompakt småby med nærleik til "alt". Me har jobbmogligheiter, tomter, servicefunksjonar, gode skular, rikeleg med barnehageplassar og er omgjeven av fantastisk natur.