Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Fjord1 - Maritim Drift søker salgsmedarbeidar i catering for sambandet Arsvågen-Mortavika. Du vil vere ein viktig del av passasjeropplevinga om bord og bidra til god service gjennom heile reisa.
Stillinga inneber produksjon og sal av sveler og andre kioskvarer, aktiv kundebehandling og tilbereding av måltid til mannskapet. Turnus er 2 veker på, 2 veker fri, og hybel kan vere tilgjengeleg.
Stillingstittel Salgsmedarbeidar catering i sambandet Arsvågen-Mortavika.
Fjord1 har no ledig ei stilling som salgsmedarbeidar i catering i sambandet Arsvågen-Mortavika.
Som salgsmedarbeidar i catering vil du vere ein viktig del av passasjeropplevinga om bord og bidra til at dei reisande får god service, og ei triveleg oppleving gjennom heile reisa.
Arbeidsoppgåvene omfattar produksjon og sal av sveler, pølser, påsmurt mat og andre kioskvarer, aktiv kundebehandling, varebestilling og vareplassering, samt å halde kioskområdet innbydande og ryddig. Du vil også ha ansvar for tilberedning av måltid til mannskapet om bord. Gjennom arbeidsdagen møter du mange ulike reisande, og vi ser derfor etter deg som er positiv, sjølvstendig og løysingsorientert, og som likar å skape gode kundeopplevingar.
Stillinga går i ein turnus med 2 veker på og 2 veker fri. For tilsette i catering som har behov for det, kan Fjord1 tilby hybel i nærleiken av kaien.
Hos oss vil du møte ein variert arbeidskvardag med mykje kontakt med både passasjerar og kollegaer. Vi trur du vil trivast godt dersom du likar å yte god service, skape gode opplevingar for andre og samarbeide med menneske rundt deg. Arbeidsdagane kan til tider vere hektiske og by på endringar, så det er ein fordel om du likar variasjon og er komfortabel med å omstille deg når det trengst. Vi set pris på medarbeidarar som tek ansvar for arbeidsoppgåvene sine, arbeider på ein strukturert måte og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
Benedicte Ellingsen,Rekrutteringsmedarbeider,47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
E39
5561Føresvik
Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5209917256
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.12.2026
1.maskinist p.t. MF Raunefjord - Vi dekker reise