Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Fjord1 - Maritim Drift søker en salgsmedarbeidar i catering til Arsvågen-Mortavika sambandet. Du blir viktig for passasjeropplevinga om bord med god service og eit triveleg reisemål.
Arbeidsoppgåvene inkluderer produksjon og sal av mat i kiosken, varebestilling, tilbereding til mannskap, og å halde området ryddig. Turnus 2 veker på/2 veker fri, hybel kan vere tilgjengeleg.
Fjord1 har no ledig ei stilling som salgsmedarbeidar i catering i sambandet Arsvågen-Mortavika.
Som salgsmedarbeidar i catering vil du vere ein viktig del av passasjeropplevinga om bord og bidra til at dei reisande får god service, og ei triveleg oppleving gjennom heile reisa.
Arbeidsoppgåvene omfattar produksjon og sal av sveler, pølser, påsmurt mat og andre kioskvarer, aktiv kundebehandling, varebestilling og vareplassering, samt å halde kioskområdet innbydande og ryddig. Du vil også ha ansvar for tilberedning av måltid til mannskapet om bord. Gjennom arbeidsdagen møter du mange ulike reisande, og vi ser derfor etter deg som er positiv, sjølvstendig og løysingsorientert, og som likar å skape gode kundeopplevingar.
Stillinga går i ein turnus med 2 veker på og 2 veker fri. For tilsette i catering som har behov for det, kan Fjord1 tilby hybel i nærleiken av kaien.
E39
5561Føresvik
Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5209917256
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.12.2026