A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Sæbø barnehage i Austmarka søker tilkallingsvikarar for å bidra til barns utvikling og læring i ein hektisk kvardag. Opningstida vår er frå 07:00-16:30, og vi held til mellom Sæbø skule og Bunnpris. Du blir ein del av eit sterkt fagleg fellesskap og må vere ein tydeleg vaksen med eit varmt hjarte i møte med barna.
Du må like ei hektisk kvardag og kunne ta i eit tak når det trengst. Stillinga er timeløna; løn ut frå kompetanse og erfaring.
Delta i den daglege drifta av ei avdeling i barnehagen, og bidra til barna si utvikling og læring i ein hektisk kvardag.
Sæbø barnehage har behov for nye tilkallingsvikarar! Me er ein koseleg, liten barnehage som held til i Austmarka, midt imellom Sæbø skule og Bunnpris.
Sæbø barnehage har tre avdelingar, ein småbarnsavdeling med barn frå 1-2 år, ein mellomavdeling med barn frå 2-3 år, og ein storbarnsavdeling med barn frå 3-6 år. Opningstida vår er frå 07:00-16:30.
Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagleg fellesskap, og du får moglegheiten til å bidra til barns utvikling og læring. Du må vere ein tydeleg vaksen, med eit varmt hjarte i møte med barna. Du må like ein hektisk kvardag, og kunne ta i eit tak når det trengst.
Delta i dagleg drift av avdelinga
Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.