A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Bli ein del av teamet i Klepphallen, vi søkjer ringevikarar!
Ønskjer du ein fleksibel og meiningsfull jobb der du kan kombinere arbeid med studiar eller annan jobb? Klepphallen tilbyr ei unik arbeidsoppleving prega av samhald, tryggleik og fridom. Vi søkjer engasjerte ringevikarar til ulike oppgåver i våre idrettsbygg, med arbeidsoppgåver som badevakt, billettsalg, kundeservice og reinhald i samband med offentleg bading.
Du vil inngå i eit team som har ansvar for tryggleik, hygiene og trivsel for våre badegjester. Som ringevikar vil du vere ein del av vårt faste turnusopplegg med arbeidsøkter på kveld og helg – perfekt for deg som vil ha ekstra inntekt på kveld og helg.
Dersom du er på jakt etter ein jobb der du kan kombinere fleksibilitet med meiningsfullt arbeid, er Klepphallen plassen du bør søkje!
Vi ber om at søkjarar opplyser i søknaden om kor mykje dei ønskjer å arbeide, samt eventuelle avgrensingar i tilgjengelegheit, til dømes kveldar, helger, feriar eller periodar dei ikkje kan arbeide. Dersom du har moglegheit til å arbeide noko på dagtid, ber vi om at dette blir opplyst i søknaden. Det er ein fordel om du kan stille på kort varsel ved behov.
Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysing. Det vil bli sendt ut melding om at søknaden er motteken, men det vil ikkje bli sendt avslag. Kommunen tek kontakt dersom/når det er behov for fleire vikarar.
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Godt arbeidsmiljø med fokus på fag og trivsel.
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Thor Gunnar Bore
+47 99580587
Stasjonsvegen 26A
4350 Kleppe
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5127925506
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2026