Enable job alerts via email!
En kommune i Vestland søker lærervikarer, barne- og ungdomsarbeidere. Stillingen krever relevant utdanning og erfaring, samt evne til å skape et positivt læringsmiljø for elevene. Dette er en timelønnet stilling basert på kompetanse og erfaring. Alver kommune verdsetter engasjerte medarbeidere som ønsker å bidra til samfunnets utvikling.
Lindås barneskule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pedagogisk medarbeidarar til skule og SFO. Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat.
Skulen vår har eit levande miljø med 210 elevar fordelt på 7 trinn og 11 klassar. Vi har eit team på 22 pedagogar i tillegg til dyktige fagfolk, SFO-medarbeidarar, leiing og administrasjon knytt til skulen. Skuleanlegget vårt har gjennomgått fleire oppgraderingar og framstår i dag som moderne, driftssikkert og funksjonelt.
Alver kommune - ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. Vår plassering nord for Bergen gjev oss tilgang til ein variert og fascinerande natur. Vi er stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan blomstre og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.