Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Uskedalen barnehage søker tilkallingsvikarar ved sjukdom og anna fråvær. Vi ser etter deg som likar å jobbe med barn og bidrar til kvardagen i barnehagen.
Du bør vere glad i ute- og aktivitetsbasert arbeid, og vere fleksibel med kort varsel. Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, støttande kollegaer og moglegheiter til å få erfaring frå arbeid med barn.
Her i Uskedalen barnehage har vi behov for fleire tilkallingsvikarar ved sjukdom, ferie og anna fråvær.
Vi ser etter deg som ønskjer å arbeide saman med barn og bidra til gode dagar i barnehagen. Kanskje er du arbeidssøkande, student, tek eit friår før vidare studiar, er heimeverande eller har ei deltidsstilling og ønskjer meir arbeid i kvardagen.
Vi önskjer spesielt deg som er god på relasjonar, som møter både barn og vaksne med varme, respekt og interesse. Du er glad i å vere ute og trivst med ein aktiv kvardag i all slags vêr.
Høyrest dette interessant ut? Då håpar vi å høyre frå deg! ????
Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)