Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Kvinnherad kommune Bu- og habilitering nord og sør søkjer ein helsefagarbeidar i 55 % stilling til bu- og habiliteringsavdelingane i Kvinnherad kommune. Arbeidsstaden er bustad-/bufellesskap med heildøgns omsorg i Husnes, med turnusarbeid som inkluderer kvar tredje helg.
Du må ha norsk autorisasjon som helsefagarbeidar og vere fleksibel, løysingsorientert og ha gode kommunikasjonsevner. Sjølvstendig arbeid og bilførars|kap er ein fordel.
Bu- og habilitering nord og sør er to einingar i sektor for omsorg, helse og sosial som yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova til vaksne med varige og omfattande funksjonsnedsettingar. Målet for einingane er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov og som gjev høve til utvikling, påverknad og styring av eige liv.
Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter.

Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)