A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Toftøy skule i Vestland fylke søker rektor med ansvar for eigen skule og eit leiarteam.
Du vil bidra til eit trygt læringsmiljø og vere ein pådrivar for tidleg innsats og vidareutvikling av skulen. Skulen er ein barneskule med cirka 140 elevar og omkring 25 tilsette, og ligg ca 30 minutt køyre frå Bergen sentrum. Søkjar må ha leiingserfaring frå grunnskulen, god mellommenneskelig evner og digital kompetanse.
Toftøy skule er ein barneskule med i underkant av 140 elevar og om lag 25 tilsette. Skulen sine satsingsfelt har vore lesing, klasseleiing og trygge og gode skulemiljø. For skulen har det vore viktig å ha fokus på tidleg innsats og har eit aktivt BTI-team(Betre Tverrfagleg innsats) på skulen, slik at dei kan styrke beskyttelsesfaktorar og redusere risikofaktorar for elevane. Eleven som ressurs for fellesskapet har og vore eit viktig område for skulen å utforske nærare. Skulen har markert seg med å vere blant skulane i Noreg som har gjort det best i Mattemaraton. SFO er ein godt integrert del av skulen si verksemd, og har hatt eit solid fokus på kvalitetsutvikling.
Toftøy skule ligg om lag 30 minutt køyring til Bergen sentrum.
Er du den inkluderande leiaren som Toftøy skule treng ?
Som rektor hos oss får du eit heilskapleg ansvar for eigen skule saman med leiarteamet ditt. Det er ein avdelingsleiarar og SFO-leiar saman med rektor i leiarteamet.
Kvalifikasjonar:
Ønskjeleg med:
Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.