A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Heimetenester Ølve søkjer engasjert sjukepleiar i 100 % fast stilling til to ledige stillingar i Kvinnherad. Turnus med arbeid 3. kvar helg – 16 helger, ikkje nattarbeid, og totalt 11 helger i året.
Forventar langvakter og god fleksibilitet, med konkurrerande rekrutteringsbonus på kr. 100.000 over tre år og 5 års bindingstid. Om eininga: fagleg utvikling, kvalitet og godt samarbeid står sentralt, med sterile planar og høve til vidareutvikling innan fleire fagområde i eit variert dagleg arbeid
Heimetenester Ølve søkjer engasjert sjukepleiar i 100 % fast stilling x 2
Til stillingane føl ein rekrutteringsbonus på kr. 100.000,- over tre år med 5 års bindingstid.
Vil du jobba i ei eining der fagleg utvikling, kvalitet og godt samarbeid står i sentrum? Heimetenester Ølve er ei framtidsretta eining med sterkt fokus på fag, kompetanseheving og gode pasientforløp. Vi har ein gjennomarbeidd årsplan som gir føreseieleg turnus og gode moglegheiter for balanse mellom jobb og fritid.
Tenestene våre omfattar både ordinær heimeteneste, bufellesskap og dagsenterdrift. Dette gir ein variert og spennande arbeidskvardag med brei klinisk erfaring og høve til å utvikla kompetansen din innan fleire fagområde.Vi lyser no ut to ledige stillingar som 100 % sjukepleiar.
Stillingane er i turnus med arbeid 3. kvar helg - 16 helger. Moglegheit for langvakter, som gir fleire samanhengande fridagar og god fleksibilitet i kvardagen. Det er ikkje nattarbeid, og stillinga inneber totalt 11 helger i året.
Hos oss får du:
Velkomen til ei eining der du blir sett, høyrd og fagleg utfordra!
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Kvinnherad kommune har søkt om og fått 30 millionar kroner til å låna ut til dei som skal etablera seg for første gong. Les meir om dette her: Startlån
Kommunen har tomter for sal i Dalsjøen byggefelt.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.