Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Radiologisk avdeling Ålesund har ledig fast 100% stilling som Radiograf ved Helse Møre og Romsdal HF. Oppstart etter avtale med seksjonsleiar. Vi søkjer deg som likar faglege utfordringar, er lærringsvillig og kan bidra positivt både fagleg og sosialt i gruppa.
Avdelinga har høg produksjon og utfører diagnostikk innan CT, MR, UL, konvensjonell røntgen og nukleærmedisin. Ein topp moderne intervensjonslab og brystdiagnostisk senter er til stades, og planlagte utbyggingar blir bemannast frå vår
Radiograf RADIOLOGI ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Søk på stillinga (i ny fane)
Radiologisk avdeling Ålesund har ledig fast 100% stilling som Radiograf.
Oppstart etter avtale med seksjonsleiar. Ved intern tilsetting kan vikariat bli ledig.
Avdelinga har ein god kombinasjon av unge og erfarne radiografer, eit hyggeleg sosialt miljø og engasjerte kollegaer. Vi søker deg som liker faglege utfordringar, er læringsvillig og kan bidra positivt både fagleg og sosialt inn i gruppa.
Avdelinga har høg produksjon og utfører diagnostikk innan modalitetene CT, MR, UL, konvensjonell røntgen og nukleærmedisin (SPECT-CT og PET-CT). Vi har ein topp moderne intervensjonslab der det blir gjennomført både generelle og avanserte intervensjonar som blant anna EVAR. Ålesund har også brystdiagnostisk senter der vi utfører screening og kliniske undersökingar. Vi dekker på dagleg basis fagområder innanfor lunge, hjerte, urologi, gastro, gynekologi, muskel- og skjelett, barn, nevro/ØNH, og brystdiagnostikk.
Det planleggast i tillegg for nybygg på 7.300 kvm vest for sjukehuset, AIO-prosjektet, som skal innehalde nytt akuttmottak, intensivavdeling og sterilsentral. I nytt akuttmottak planleggast det blant anna ny CT-lab og takhengt røntgen i to traumestover, som skal bemannast frå vår avdeling. Planlagt ferdigstilling i 2027.
Sunnmøre er eit eldorado av fjordar, fjell, vakre byar, historie, kulturliv og aktiviteter både for vaksne og born. På Sunnmøre vil du trivast! Med Ålesund som utgangspunkt har du kort vei til høge fjell og sjø, samt umiddelbar nærleik til flyplass (ca 25 min fra sjukehuset) som byr på gode høve for å nå destinasjonar i både innland og utland.
For meir informasjon om området, sjå: Nordvestlandet - Fjord Norway
Søknadsfrist: 20.11.2026
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Stad: Ålesund
Stillingstittel: Radiograf
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5191281318
Startdato: 01.01.2027
Sosial Deling: Del på X, Del på LinkedIn, Del på Facebook, Del på e-post
Adresse: Ålesund Sykehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
Lisa Steinberg
Seksonsleiar
E-post: lisa.steinberg@helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket.
Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester.
Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR.
Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune.
I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.
I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling.
Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt.
Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga.
Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet.
Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova.
Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort.
Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste.
Unntak skal grunngjevast frå søkar si side.
Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din.
Bli med på laget!
For meir informasjon om helseføretaket, sjå
Helse Møre og Romsdal