Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) utlyser ei fast 100% stilling som innovasjonsrådgjevar ved Avdeling for samfunnskontakt – arbeidsliv og livslang læring. Stillinga fokuserer på vidareutvikling av HVL Skape og samskaping med offentlege tenester innan skule, helse og sosiale tenester.
Arbeidet skjer i samarbeid med kollegar på tvers av einingar og eksterne aktørar. Stillinga krev god munnleg og skriftleg presentasjonsevne på norsk, og evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi,samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
HVL Skape ( www.hvlskape.no ) gir studentar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) høvetil å arbeide med innovasjon og entreprenørskap utenom den ordinære undervisninga. Tilboda er opne for alle studentar, uansett kva studium eller campus dei tilhøyrer.
Vi søkjer no ein studentinnovasjonsrådgjevar som vil vere sentral i arbeidet med å vidareutvikle HVL Skape, med særleg fokus på samskaping med offentlege tenester innanfor mellom anna skule, oppvekst, helse- og sosiale tenester. Arbeidet vil skje i samarbeid med kollegar på tvers av einingar og fagmiljø i HVL, og i samarbeid med relevante eksterne aktørar.
HVL Skape er ein del av Avdeling for samfunnskontakt. Avdelinga skal drive fram samarbeidet mellom HVL og arbeids-, nærings- og samfunnsliv, styrke HVL sin posisjon i regionen og gjere HVL meir synleg som kunnskaps- og kompetanseaktør. Stillinga vi no lyser ut, vil vere særleg knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap og Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Arbeidsstad for stillinga vil vere ein av HVL sine fem campus: Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal, Stord. Noko reising må påreknast.
Ønska erfaring/eigeskapar:
Personlege eigenskapar:
Det er for tida stort fokus på systematikk, metodikk og dokumentasjon i studentinnovasjonsarbeidet i HVL. Dette både for å kunne måle resultat og for meir føreseielegheit i arbeidet. Den føretrekte kandidaten kunne bidra positivt til dette arbeidet.
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ i stillingskode 1434 - rådgjevar. Stillingskode 1364 - seniorrådgjevar kan vurderast ved særleg gode kvalifikasjonar.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvendingi behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endrasom følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
John Tveit, Avdelingsleiar i Avdeling for samfunnskontakt