Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Vestland fylkeskommune, gjennom Skyss, søker rådgjevar/seniorrådgjevar til detaljplanlegging av rute- og transporttilbodet i Vestland.
Du blir del av ein faggruppe som planlegg rutetilbodet for buss, båt og ferje, og du bidreg i utvikling og effektivisering av arbeidsprosessar og metodikk. Lønn etter avtale og fleksibel arbeidstid vert tilbytt.
Vil du vere med å planlegge Skyss sitt kollektivtilbod? Kvart år er det omlag 100 millionar påstigingar på buss, båt og bybane i Vestland. I rushtida er meir enn 1000 bussar i sving for å frakte folk til og frå arbeid og skule, og vi kjøper transporttenester for nær seks milliardar kroner i året. Arbeidet vårt med planlegging av kollektivtrafikken påverker kvardagen til mange, og vi har stor respekt for oppgåva. No treng vi fleire med på laget!
Kollektivtilbodet skal vere eit attraktivt, enkelt og riktig val for dei reisande. Dette krev systematisk arbeid med å bygge opp eit samanhengande kollektivtilbod som er enkelt og tilpassa reisebehova til dei fleste. Det planlagde rutetilbodet med tilhøyrande data er informasjonsgrunnlaget for all informasjon til kunden, og for bestillinga til dei som køyrer for oss. Data om rutetilbodet er også eit stadig viktigare grunnlag for å utvikle nye mobilitetstenester.
Vi treng no ein ny rådgjevar til detaljplanlegging av rutetilbodet, kontinuerleg marknadstilpassing og forbetring av metode og arbeidsprosessar.
Vår nye rådgjevar vil inngå i ei faggruppe som sørger for detaljplanlegging av det samla rutetilbodet i Vestland, for både buss, bybane, båt og ferje. Hos oss skal du sørge for at tilbodet alltid er oppdatert og tilpassa dei reisande sine behov. Det er tett samarbeid med våre leverandørar av transporttenestene om effektiv drift i kollektivsystemet. Du vil også delta i samarbeid med alle delar av Skyss-organisasjonen, i ulike prosjekt og i utviklingsoppgåver. Vi treng også at du bidreg i utgreiingar og forbetring av metodikk og arbeidsprosessar.
Du får ansvar for å planlegge din eigen arbeidskvardag ut frå oppgåver og fristar.
Vi treng deg som har relevant høgare utdanning på masternivå innanfor relevante fagområde (til dømes logistikk, produksjonsplanlegging, operasjonsanalyse, optimering, matematikk, ingeniørfag eller IT). Kvalifiserte søkjarar utan mastergrad, men med relevant høgare utdanning kanòg bli vurderte. Då vil stillingstittel bli justert i samsvar med kvalifikasjonane.
Det er fint om du har erfaring med kollektivtrafikk, ruteplanlegging, planlegging av transport, effektiv logistikk, produksjonsplanlegging eller liknande. Kjennskap til planleggingsverktøy for kollektivtrafikken og generelt høg IT-kompetanse og forståing for moglegheitene i store datamengder, digitalisering og automatisering er også ein fordel.
Vi ser etter deg som er
Hos oss i Skyss er vi mange som brenn for å utvikle gode kvardagsreiser for oss som bur og reiser i Vestland!
Vi tilbyr:
Tony Andre Kleveland, leiar faggruppe ruteplanlegging, 41616616, tony.kleveland@skyss.no
Gudrun Einbu, leiar avdeling transporttilbod, 99158084, gudrun.einbu@skyss.no
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5168415886
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026
Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.
Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 6 milliardar kroner.