Aumenta le possibilità di ricevere una risposta da questo datore di lavoro
Il tuo curriculum e una lettera di presentazione personalizzati, che corrispondono esattamente a ciò che sta cercando.
Kinn kommune søker ei rådgjevar til Server og applikasjon for å styrke leveransen av trygge og stabile løysingar til kommunane Nordfjord.
Du vil arbeide med prosjektkoordinering, informasjonssikkerheit, lisensforvaltning og avtaleforvaltning samt systemdokumentasjon. Du bør ha god norsk og engelsk, og vere open for fagleg utvikling innan teknologiløysingar.
Ønsker du nye utfordringar i IT bransjen?
Nordfjordnett er på jakt etter ein rådgjevar som vil styrke arbeidet med å levere dei sikraste, smartaste og mest stabile løysingane til kommunane våre i Nordfjord.
På avdelinga vår Server og applikasjon, driftar vi serverar, fagsystem, integrasjonar, IT utstyr og tek i vare sikkerheita i løysingane for kommunane Bremanger, Gloppen, Kinn, Stad og Stryn.
Stillinga vil i hovudsak innebære administrative oppgåver som prosjektkoordinering, organisatorisk arbeid med informasjonssikkerheit, lisensadministrasjon, avtaleforvaltning og systemdokumentasjon. For å lukkast i denne rollen er det viktig at du trivst med å jobbe med administrative oppgåver knytt til IT.
Willy Nordpoll,Dagleg leiar,+47 97519520
Anne Ruth Botn Bjørlo,Assisterande dagleg leiar,91809077, anne.ruth.bjorlo@iktnordfjord.no
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 5180026854
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.11.2026
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.