Vil du vere med og skape gode dagar for andre – og få ein meiningsfull jobb?

Tove-Lill Hjertenes

Måløy

On-site

NOK 520,000 - 640,000

Full time

14 days+

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Spennande og varierte arbeidsoppgåver
God opplæring og tett oppfølging
Dyktige og inkluderande kollegaer
Fagleg utvikling og kompetanseheving
Kompetanseløn
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter tariffavtale
Ryddige arbeidsforhold
Frivillige langvakter

Job summary

Kulatoppen omsorgssenter i Kinn kommune søker engasjerte helse- og omsorgsarbeidarar til eit moderne fagmiljø i eit flott uteområde ved Måløy. Vi tilbyr variert arbeid, trening i velferdsteknologi og utviklingsmogelegheiter med rettelege opplegga for kvart enkelt hus.

Sommse utvikling og trygt arbeidsmiljø står i fokus. Du får god opplæring, tett oppfølging og eit inkluderande team som legg vekt på respekt for brukarane og kvarandre.

Qualifications

  • Krav om relevans i helse- og omsorgsarbeid og god samhandling.
  • Gode åtferds- og kommunikasjonsevner i tverrfagleg team.

Responsibilities

  • Utføre varierte arbeidsoppgåver knytt til pleie og omsorg.
  • Bidra til tryggleik og livskvalitet for brukarane.
  • Samarbeide tett med andre fag‑personar i eit tverrfagleg miljø.
  • Være med og utvikle tenestene våre gjennom fagleg engasjement.

Skills

Sjukepleiar
Vernepleiar
Helsefagarbeidar
Pleiemedarbeidar

Job description

Vil du gjere ein forskjell kvar dag?

Bli ein del av laget på Kulatoppen omsorgssenter!
Her finn du fagleg utvikling, godt samarbeid, variert arbeid og kollegaer som bryr seg om både brukarane og kvarandre. No har vi ledige faste stillingar, vikariat og helgestillingar. Kanskje er dette din neste arbeidsplass?

På Kulatoppen omsorgssenter møter du eit moderne og framtidsretta fagmiljø i heilt nye og renoverte lokale. Vi har 51 institusjonsplassar og 40 heildøgnsbemanna omsorgsbustader fordelt på 11 avdelingar. Med vår nye fløy og omfattande oppgradering framstår Kulatoppen som eit lyst, funksjonelt og profesjonelt omsorgssenter – til beste for både bebuarar og tilsette. Vi tilbyr eit breitt og variert pasienttilbod, med eiga korttids- og rehabiliteringsavdeling. Her finn du blant anna eige rehabiliteringskjøkken og takheiser på dei fleste pasientrom. Vi ligg i front på bruk av velferdsteknologi og har løysingar som Imatis samhandlingstavle, digitale arbeidslister og pasientvarsling med to-veis tale. Målet vårt er å sikre høg kvalitet i alle tenester og eit trygt og føreseieleg miljø for bebuarane.

Kulatoppen har eit flott uteområde med gangveg rundt heile bygget og ei fantastisk utsikt over Måløy og omegn. Her finn du sansehage, drivhus, grillplass, bocciabane, trim- og leikeapparat, samt bær- og frukttre – alt lagt til rette for aktivitet, kvile og gode opplevingar. Vi tilbyr varierte aktivitetar gjennom heile veka, med fokus på "Kva er viktig for deg?" og personsentrert omsorg. Slik legg vi grunnlaget for meiningsfulle og helsefremjande dagar for kvar enkelt bebuar.

Arbeidsoppgåver

Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du:

Bidreg til at brukarane opplever meistring, tryggleik og livsglede
Brukar fagkompetansen din til å finne gode løysingar i møte med ulike behov
Samarbeider tett med dyktige kollegaer i eit tverrfagleg miljø
Får vere med på utvikling av tenestene våre
Tek del i eit arbeidsfellesskap prega av fagleg engasjement, omsorg og arbeidsglede
Får moglegheit til å utvikle deg fagleg gjennom opplæring, rettleiing og refleksjon

Kvalifikasjonar

Vi søkjer:

Sjukepleiarar
Vernepleiarar
Helsefagarbeidarar
Pleiemedarbeidarar

Er du elev, student eller vurderer ei utdanning innan helse? Då oppfordrar vi deg også til å søkje

Kven er du ?

Vi ser etter deg som:

Har positive haldningar og set brukaren i sentrum
Er omsorgsfull, reflektert og empatisk
Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Er fleksibel, strukturert og løysingsorientert
Kan arbeide både sjølvstendig og i team
Ønsker å lære og utvikle deg fagleg
Ser verdien av tverrfagleg samarbeid
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Ønskjer å vere med og utvikle framtidas helse- og omsorgstenester

Kvifor velje Kulatoppen?

Hos oss får du meir enn ein jobb.

Du blir ein del av eit engasjert lag som kvar dag arbeider for å skape tryggleik, meistring og livsglede for brukarane våre.

  • Vi kan tilby:
    Spennande og varierte arbeidsoppgåver
    God opplæring og tett oppfølging
    Dyktige og inkluderande kollegaer
    Fagleg utvikling og kompetanseheving
    Kompetanseløn
    Etisk refleksjon og fagleg samarbeid
    Gode pensjons- og forsikringsordningar
    Løn etter gjeldande tariffavtale
    Ryddige arbeidsforhold
    Dette får du i tillegg:
    Ufaglærte kan få 100 % stilling dersom dei ønskjer å binde seg til å ta relevant utdanning.
    Sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus får eit ekstra årleg tillegg på kr 35 000.
    Vi har avtale om frivillige langvakter på 12,5 timar for dei som ønskjer dette.
Kontaktinformasjon

Tove-Lill Hjertenes,Avdelingsleiar Institusjon,92680587,tove-lill.hjertenes@kinn.kommune.no
Lise-Sofi Brunsvik,Avdelingsleiar HDO,90156867,lise.brunsvik@kinn.kommune.no
Tone Husevåg,Tenesteleiar Kulatoppen,+47 99473470,tone.husevag@kinn.kommune.no

Arbeidsstad

Ytre Kulen 73
6718Deknepollen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 5168521933
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2026

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Vi søker nye medarbeidere til deltidsstillinger - fortrinnsvis på helg
Vi søker nye medarbeidere til deltidsstillinger - fortrinnsvis på helg

Lukassen, Eva • Løten

On-site
NOK 257,000 - 346,000
Innovasjon
Veiledning
Variert arbeid
+4
Sjukepleiar Måløy legesenter
Sjukepleiar Måløy legesenter

Helsetenesta, Kinn kommune • Måløy

On-site
NOK 550,000 - 750,000
God pensjonsordning
Trivelige kollegaer
Varierte arbeidsoppgaver
+1
Sykepleier 60% fast natt
Sykepleier 60% fast natt

Miriam Christensen Næset • Kvinesdal

On-site
NOK 360,000 - 480,000
Er du fysioterapeut ?
Er du fysioterapeut ?

Kinn kommune • Måløy

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Fast 100% stilling
God pensjonsordning
Kompetanselønssystem
+1
Bli en nøkkelspiller i Helse og velferd – Vi søker fleksible ekstravakter/ringevikarer
Bli en nøkkelspiller i Helse og velferd – Vi søker fleksible ekstravakter/ringevikarer

Arbeidsplassen • Øksnavad

On-site
NOK 350,000 - 450,000
Faglig utvikling
Gode vilkår
Fleksibilitet
Tenestekoordinator
Tenestekoordinator

Jane Fossan • Kleppe

On-site
NOK 520,000 - 650,000
Kjøregodtgjersle
Gode pensjonsordningar
Gratis parkering
+2
Sykepleier - vikariat
Sykepleier - vikariat

Konrad Dawda (Nesodden kommune) • Nesodden

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Låne- og pensjonsordning i KLP
Ulykkesforsikring også på fritiden
Kompetanseutvikling og fagdager
+1
Helsefagarbeider 53,24 % fast natt - ID 1941
Helsefagarbeider 53,24 % fast natt - ID 1941

Karen Marie Hompland • Liknes

On-site
NOK 320,000 - 380,000
Sjukepleiar 80 % fast stilling
Sjukepleiar 80 % fast stilling

Sulatunet, Sula kommune • Langevåg

On-site
NOK 420,000 - 600,000
Gratis parkering
Stipendordning
Lokalt tillegg
+1
Sykepleier 60% fast natt
Sykepleier 60% fast natt

Aktiv vakt fra kl 18.30-02.20, med bakvakt i eget hjem fra kl 02.20-07.30 • Kvinesdal

On-site
NOK 400,000 - 520,000
Top locations