A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Den norske kyrkja i Molde søkjer ein rådgivar til å ivareta internasjonal diakoni, økumenikk, dialog og misjon, i tett samarbeid med biskopen og bispedømerådet.
Stillinga krev erfaring med kyrkjeleg organisasjon og gjerne frivillig arbeid. Støtte strekkast til utvikling og kompetansebygging i teamet, samt informasjonsarbeid i Møre bispedømme.
Møre bispedømmekontor er plassert i Molde og er i ferd med å flytte til Moldetrappa 2 i Romsdalskvartalet. Bispedømmekontoret har om lag 9 årsverk og er organisert i to avdelingar «Kyrkjefag og samfunn» og «HR og organisasjonsutvikling». Rådgjevarane i kyrkjefag og samfunn er er ein del av biskopen og bispedømerådets administrasjon, og skal vere støtte for biskopen i hennes arbeid med tilsynet med vigsla medarbeidarar og kyrkjelydane, vere med å verkeleggjere bispedømets startegi og støtte prostar og dei lokale kyrkjelydane. I Møre bispedømme er det 95 sokn og 25 Kyrkjelege fellesråd. Fram mot 2030 har Møre bispedøme "unge og unge vaksne", "kyrkja som samfunnsaktør" og "organisasjonsutvikling" som særskilde satsningsområder.
Møre bispedøme arbeidar for å oppnå ein balansert alders- og kjønnssammensetting og ønskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne. Den som vert tilsett må vere medlem i Den norske kyrkja.
Moldetrappa 1 6415Molde
100%
Fast
12.11.2026
Den norske kirke
5195285798