Rådgjevar/kontraktsforvaltar

Kjetil N Kristiansen

Bergen

Presencial

NOK 700.000 - 900.000

Jornada completa

Hace 9 días

Consigue una respuesta de este empleador

Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.

Supera los filtros ATS

Ventajas ofrecidas por este puesto de trabajo

Gode pensjonsvilkår

Descripción de la vacante

Skyss søkjer ein kontraktsforvaltar som vil følgje opp mobilitetskontraktar og bidra i innkjøp og implementering av nye kontraktar i Vestland. Arbeidsstad er Bergen, og noko reiseverksemd internt i fylket må rekne med.

Du bør ha masternivå innan økonomi eller jus, eller tilsvarande erfaring, og vere god til å kommunisere og byggje relasjonar. Fleksibilitet og evne til å støtte organisasjonen der behova oppstår vert lagt vekt på.

Formación

  • Høgare utdanning på masternivå innan økonomi eller jus, relevant erfaring kan kompensere.
  • Sterke formidlingsevner, munnleg og skriftleg, og evne til å byggje langsiktige relasjonar internt og eksternt.
  • Fordel med erfaring frå kontraktsarbeid og oppfølging av leverandørar.
  • Gode digitale ferdigheiter og erfaring med rapportbygging.

Responsabilidades

  • Følg opp mobilitetskontraktar i tett dialog med operatørane.
  • Bidra i anskaffingsprosessar og implementering av nye kontraktar.
  • Sikre at kvalitets- og miljøkrav vert følgt opp gjennom gode kontraktmekanismer.
  • Bygge eit sunt leverandørmarked og støtte organisasjonen der behova oppstår.
  • Bruke og utvikle rapporteringsverktøy for datadreven oppfølging.

Conocimientos

Kommunikasjon
Relasjonsbygging
Digitalisering
Tilpassingsevne

Educación

Mastergrad i økonomi eller jus

Descripción del empleo

Vil du bidra til å betre kvaliteten på Skyss sine mobilitetstenester?Skyss jobbar aktivt med å tilby alle innbyggarar i Vestland eit godt og berekraftig tilbod med buss, bybane, båt og ferje. Transporttenestene vert utført av trafikkselskap som Skyss har kontraktar med.

Vi har no ledig ei fast stilling som rådgjevar/kontraktsforvaltar.Kontraktsforvaltaren vil inngå i teamet vårt som jobbar med å følge opp Skyss sine mobilitetskontraktar. Arbeidsstad for stillinga er Bergen. Ein må pårekne noko reiseverksemd internt i fylke.


Arbeidsoppgåver

Som kontraktsforvaltar får du ansvar for å følge opp ein portefølje av mobilitetskontraktar, i tett dialog med operatørselskapa. Du vil bidra i anskaffingsprosessar og i implementering av nye kontraktar, og i å sikre at kvalitets- og miljøkrav vert følgt opp gjennom gode kontraktmekanismar. Arbeidet ditt bidrar til leverandørutvikling og til ein sunn leverandørmarknad, og du blir med på å byggje ei solid plattform for strategisk samarbeid med operatørane.

Kontraktsoppfølging vert i aukande grad digitalisert og datadriven. Du vil bruke og vidareutvikle gode rapporterings- og digitaliseringsverktøy for å sikre at vi følgjer opp leveransane på ein kunnskapsbasert måte. For å kunne utøve rolla godt, er det sentralt å ha god forståing for dei geografiske forholda i Vestland og korleis desse påverkar mobilitetstilbodet. Rolla som kontraktsforvaltar krev fleksibilitet og evne til å støtte organisasjonen der behova oppstår.

Kvalifikasjonar (overskrift)

Vi ser etter degsom har høgare utdanning på masternivå, til dømes innan økonomi eller juss. Relevant erfaring kan kompensere for manglande mastergrad. Stillingstittelen vert då justert i tråd med kvalifikasjonane.

Du må også ha sterke formidlingsevner, munnleg og skriftleg, og evne til å bygge gode og langsiktige relasjonar internt og eksternt.

I tillegg er ein fordel om du kan vise til:

  • Erfaring frå kontraktsarbeid og oppfølging av leverandørar
  • God forståing for, eller sterk interesse for, digitalisering og rapportbygging

Som person vil vi at du

  • har evne til å omsette strategiske mål i konkrete resultat, både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • er open, fleksibel og engasjert, og aktivt deler og utviklar kunnskapen din saman med andre
  • har evne til å møte krevjande situasjonar med pågangsmot, og at du kan stå stødig i hektiske periodar.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Hos oss i Skyss er vi mange som jobbar for å utvikle gode kvardagsreiser for alle som bur og reiser i Vestland!

Vi tilbyr:

  • Ei fagleg utfordrande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Eit engasjert og hyggeleg arbeidsmiljø med brei og variert fagbakgrunn
  • Moglegheit til å bygge nettverk og utvikle seg fagleg
  • Fleksibel arbeidstidsordning og høve til delvis heimekontor etter avtale
  • Løn etter avtale

Andre opplysningar:

  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder
  • Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort, sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bede om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktinformasjon
  • Ørjan Kvandal,konst.gruppeleiar Operatør og drift,47647266
  • Kjetil Kristiansen,konst.leiar avdeling Operasjon,93655208
Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5196131637
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.11.2026

Consigue la evaluación confidencial y gratuita de tu currículum.

o arrastra y suelta tu archivo aquí

Similar jobs

Puestos de trabajo similares que vale la pena comparar

Rådgjevar/kontraktsforvaltar
Rådgjevar/kontraktsforvaltar

Skyss • Bergen

Presencial
NOK 650.000 - 900.000
Fleksibel arbeidstidsordning
Delvis heimekontor etter avtale
Gode offentlege pensjons- og forsikrng
+1
Rådgjevar/kontraktsforvaltar
Rådgjevar/kontraktsforvaltar

Vestland fylkeskommune • Bergen

Presencial
NOK 700.000 - 900.000
Fagleg utfordring
Gode kollegaer
Profesjonell utvikling
Rådgjevar & Kontraktsforvaltar – Mobilitet & Digitalisering
Rådgjevar & Kontraktsforvaltar – Mobilitet & Digitalisering

Kjetil N Kristiansen • Bergen

Presencial
NOK 700.000 - 900.000
Gode pensjonsvilkår
Strategisk Kontraktsforvaltar – Mobilitet & Leverandørutvikling
Strategisk Kontraktsforvaltar – Mobilitet & Leverandørutvikling

Vestland fylkeskommune • Bergen

Presencial
NOK 700.000 - 900.000
Fagleg utfordring
Gode kollegaer
Profesjonell utvikling
Strategisk Kontraktsforvaltar – Mobilitet & Samarbeid
Strategisk Kontraktsforvaltar – Mobilitet & Samarbeid

Skyss • Bergen

Presencial
NOK 650.000 - 900.000
Fleksibel arbeidstidsordning
Delvis heimekontor etter avtale
Gode offentlege pensjons- og forsikrng
+1
Rådgjevar - vikariat energi
Rådgjevar - vikariat energi

NPI - Grøn vekst, klima og energi, Vestland fylkeskommune • Bergen

Presencial
NOK 700.000 - 900.000
heimekontor
gode offentlege pensjons- og forsikr«"
gode moglegheiter for fagleg utvikling
+1
Vil du bidra til Statsbyggs samfunnsoppdrag som kontraktsforvalter?
Vil du bidra til Statsbyggs samfunnsoppdrag som kontraktsforvalter?

Astrid Hillestad • Oslo fylke

Presencial
NOK 650.000 - 950.000
Fagmiljø
Samfunnsoppdrag
Videreutdanning
+3
Rådgjevar
Rådgjevar

NPI - Innovasjonsinfrastruktur, Vestland fylkeskommune • Bergen

Presencial
NOK 520.000 - 680.000
Moglegheit for heimekontor
Gode offentlege pensjons- og forsikr�{
Rådgjevar
Rådgjevar

Vestland fylkeskommune • Leikanger

Híbrido
NOK 620.000 - 780.000
Fleksibel arbeidstidsordning
Delvis heimekontor
Gode kollegaer
Rådgjevar - vikariat energi
Rådgjevar - vikariat energi

Sølve Dag Sondbø • Bergen

Presencial
NOK 520.000 - 700.000
Heimekontor
Offentlege pensjons- og forsikringsord
Ubicaciones