An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Vestland fylkeskommune leitar etter ein fagleg sterk person som kan leie digitaliseringsarbeidet i Infrastruktur og Veg. Du vil samle behov, prioritere tiltak og drive digital utvikling på tvers av fagmiljø for å skape verkeleg verdi for samfunnet.
Du blir ein nøkkelperson i å omsetje strategi til konkrete prosjekt, og koordinere utviklingsarbeid mellom avdelingane. Stor interesse for teknologi, data og arbeidsprosessar er avgjerande, og evne til å samskape med leiarar og fagmiljø vil verte
5600 kilometer fylkesveg. Over 2000 bruer. Hundrevis av tunnelar. Ferjekaier, store utbyggingsprosjekt, små tiltak, driftskontraktar, enorme datamengder – og ei verksemd med mykje meir digitalt potensial å hente ut.
Vi ser etter deg som kan hjelpe oss å gjere det.
Infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune planlegg, byggjer, driftar, vedlikeheld og forvaltar infrastrukturen som folk og næringsliv er avhengige av kvar einaste dag.
No vil vi bli langt betre til å bruke teknologi, data og digitale løysingar i måten vi arbeider på.
Vi har ikkje mangel på idear. Vi har fagfolk, system, data, prosjekt og mange digitale initiativ. Utfordringa er å sjå heilskapen, prioritere hardare og få meir av det gode arbeidet til å bli til faktisk endring.
Det er her du kjem inn.
Du får eit fagkoordinerande ansvar for digitaliseringsarbeidet i Infrastruktur og veg og rapporterer direkte til avdelingsleiar Vegfag. Rolla skal samle og drive den digitale utviklinga på tvers av fagområde og knyte saman behov i verksemda med teknologi og digitale moglegheiter.
Du skal arbeide i skjeringspunktet mellom teknologi, menneske, arbeidsprosessar og verksemd. Du må forstå kva teknologien kan gjere – men vere endå meir oppteken av kva vi skal bruke han til.
Du skal mellom anna:
Og det meiner vi som noko positivt.
Du kjem inn i ei stor og kompleks verksemd med sterke fagmiljø, etablerte system, ulike behov, historikk og rammer vi må ta omsyn til.
Nokre gonger vil det vere openbert kva vi bør gjere. Andre gonger interessanne sprike, ressursane vere avgrensa og den perfekte løysinga ikkje finnast.
Vi treng ein person som liker akkurat det.
Ein som kan gå inn i kompleksiteten, forstå kva som eigentleg er problemet – og skape nok retning og framdrift til at noko skjer.
Fordi svært få digitaliseringsjobbar gir denne kombinasjonen:
Teknologi. Stor skala. Fysisk infrastruktur. Samfunnsoppdrag. Og reell påverknad.
Det du er med på å utvikle, kan påverke korleis vi planlegg investeringar, følgjer opp prosjekt, bruker data, driftar vegar og tunnelar og organiserer arbeidet til fleire hundre menneske.
Og du kjem inn medan mykje framleis kan formast.
Vi er ikkje ute etter ein som skal «forvalte digitalisering».
Vi ser etter ein som vil byggje digital gjennomføringsevne saman med oss.
Du har relevant erfaring frå digitalisering, teknologidriven utvikling, verksemdsutvikling, produkt-, prosjekt- eller forbetringsarbeid.
Du kan til dømes arbeide i konsulentbransjen, teknologi, infrastruktur eller offentleg sektor i dag. Det viktigaste er at du har erfaring med å få teknologi, behov og menneske til å møtast.
Vi ser føre oss at du har relevant høgare utdanning, gjerne innan teknologi, industriell økonomi, økonomi, organisasjon eller liknande. Mastergrad er ein fordel, men relevant erfaring og dokumenterte resultat kan kompensere for formell utdanning.
Du treng ikkje kunne fylkesveg når du byrjar.
Men du må ha lyst til å forstå verksemda vår.
Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
Du skaper framdrift. Du ventar ikkje på at alle føresetnader skal vere perfekte før du tek neste steg.
Du får folk med deg. Du kan utfordre, påverke og forklare – også når interesser og perspektiv er ulike.
Du skaper orden i kompleksitet. Du klarer å sjå samanhengar, prioritere og gjere store problem handterlege.
Vi kjem til å vere meir opptekne av korleis du har gjort dette i praksis enn av kva adjektiv du brukar om deg sjølv.
Hos oss får du:
Kontorstad Bergen eller Leikanger.
Ada Myhren, Avdelingsleiar, +47 48015590
Lars Hilles gate Bergen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5175322435
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.09.2026