Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Nordhordland fysioterapi AS i Knarvik søker fysioterapeut med spesialisering i psykomotorisk fysioterapi til å drive en etablert praksis. Seksjonens avtaleheimel skaper et solid pasientgrunnlag og faglig rammeverk.
Arbeidet omfatter kartlegging, vurdering og behandling, oppfølging av pasientar over tid, tverrfagleg samarbeid og arbeid med ventelister. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø, utviklingsmoglegheiter og eit helse- og omsorgstema for lokalområdet.
Vi har no ledig 100 % avtaleheimel for fysioterapeut med kompetanse innan psykomotorisk fysioterapi. Driftstilskotet er knytt til Nordhordland fysioterapi AS i Knarvik. Oppstart etter nærare avtale.
Vi vil anslå at pasientlista har lag 20 % born/unge og 80 % vaksne pasientar.
Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å utvikle ein etablert praksis, med pasientgrunnlag og solide faglege rammer!
Nordhordland fysioterapi ligg sentrumsnært i Knarvik, regionsenteret i Alver kommune. Instituttet kan nåast både med ekspressbuss (35min) og hurtigbåt (40 min) frå Bergen sentrum.
Instituttet er organisert som aksjeselskap (AS) og har fem fysioterapeutar med avtaleheimel. Fysioterapeuten som går av har spesialisering innan psykomotorisk fysioterapi, og Alver kommune ønskjer å vidareføre denne viktige kompetansen.
Dei øvrige fysioterapeutane har brei og lang erfaring innan mellom anna allmenn fysioterapi, manuellterapi og behandling av lip- og lymfødem. Instituttet har eit godt fagmiljø med vekt på samarbeid og fagleg utvikling.
Nordhordland fysioterapi er eit av 8 institutt i Alver kommune, med tilsaman 22 privatpraktiserande fysioterapeutar. Avtalefysioterapeutane er ein del av fysioterapitenesta i kommunen, i tillegg til kommunal tilsette fysioterapeutar, ergoterapeutar og hjelpemiddelteknikarar.
Som fysioterapeut skal du driva praksis i tråd med overordna mål og strategiar for helsetenesta i Alver kommune, helse- og omsorgstenestelova, samt dei til ei kvar tid gjeldande avtaleverk for fysioterapeutar (ASA 4303 og ASA4313) og eventuelt interne samarbeidsavtalar.
Tildeling av avtaleheimel skjer i samsvar med ASA 4313. Tildeling av avtaleheimel er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova.
Det er føremon, men ikkje eit krav, at du har:
Ved vurdering av søkjarane vil vi særleg leggje vekt på:
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede