Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Me har ledig 100% fast stilling som fagleiar fysioterapi frå 01.03.26. Vil du vere med å utvikle fagfeltet, få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag og ha ei sentral rolle i tenesta? Då oppmodar vi deg til å søke.
Som fagleiar har du ansvar for å leie og samordne det faglege arbeidet i fysioterapitenesta, og for å sikre at tenestene held høg kvalitet.
Fysioterapitenester er organisert i kommunalområde helse og omsorg, og høyrer til stab / fagområde. Legekontor, ergoterapeut, kreftkoordinator, rus- og psykiatriteneste, folkehelsekoordinator med aktivitetsansvar, forvaltning og tildeling, koordinerande eining, fagutviklingssjukepleiar og kommunalteknikar høyrer også til her. Me har tett samarbeid med alle desse fagområda.
Hjå oss er det også eit tverrfagleg samarbeid med dei andre avdelingane i helse og omsorg og med kommunalområde oppvekst.
Fysioterapeutane held til i gode og romslege lokaler i Fjordsenteret, med treningsrom, eigne behandlingsrom og felles kontorlandskap. I behandlinga nyttar vi også treningsrom, symjebasseng og terapibassenget i Aurlandshallen. Me tilbyr også behandling i pasienten sin heim, i institusjon, i barnehage og skule.
Aurland kommune har mål om at innbyggjarane skal ha moglegheit til å leve aktive og sjølvstendige liv og ta medansvar for eiga helse. Som fysioterapeut hjå oss vil du vere med å bidra til å nå dette målet, ved å ha fokus på pasienten si eigenmeistring og eigne ressursar. I ei tid der kommunen vil få fleire eldre, og fleire med samansette behov, er målet vårt å utvikle gode og berekraftige tenester som er rusta for framtida. Me satsar difor på velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og førebygging, som fysioterapeutane er ein viktig del av.
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.