A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Stord BUP søker en engasjert psykolog under spesialisering til kontoret vårt i Stord. Du blir ein del av små, tverrfaglege team som arbeider tett saman. Vi legg vekt på fagleg utvikling og godt samarbeid.
Du vil delta i fagdagar, rettleiing og formidling av kunnskap internt og eksternt, og bidra til eit trygt psykososialt miljø for barn og unge. Helse Fonna tilbyr god lokal tilknyting og støttande kollegaer.
Vil du vere med å styrke psykisk helsevern for barn og unge?
BUP Stord gir spesialisthelsetenester til barn og unge i alderen 0–18 år. Opptaksområdet vårt omfattar seks kommunar: Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes, Kvinnherad og Ullensvang. Vi er organiserte saman med Stord DPS under felles leiing og er delte inn i fire team, inkludert eit team ved utekontora våre i Odda og på Husnes. Poliklinikken på Stord har 25 fagstillingar og eit breitt tverrfagleg fagmiljø med god spesialistdekning.
Vi søkjer ein engasjert psykolog under spesialisering til kontoret vårt på Stord. Hos oss blir du ein del av små, tverrfaglege team som arbeider tett saman. Vi legg vekt på både fagleg utvikling og godt samarbeid. Vi har faste fagdagar der leiarar og medarbeidarar saman drøftar faglege utfordringar og finn gode løysingar.
Hos oss får du ei stabil personalgruppe med god lokal tilknyting og solid dekning av psykologar og spesialistar. Dette gir gode moglegheiter for fagleg støtte og samarbeid i kvardagen. Vi legg vekt på fagleg utvikling som tek omsyn til både behova til pasientane og interessene til medarbeidarane våre.
Ønsker du å kombinere fagleg utvikling med meiningsfullt arbeid for barn og unge? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Hos oss blir du ein del av eit trygt og engasjert fagmiljø der samarbeid, utvikling og trivsel står i sentrum.
Helse Fonna har rundt 4500 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.